VAP-ansvarleg - Økologisk laks (Value Added Products)
Eide Fjordbruk
- Frist 29.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med å setje standarden for framtidas havbruk som VAP-ansvarleg
Eide er eit familieeigd selskap og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Visjonen vår handlar om å vere eit førebilete, slik at me kan produsera mat i sjøen på ein berekraftig måte.
Om rolla
Som VAP ansvarleg skal du utvikle og drifte Eide sitt tilbod av foredla produsert basert på økologisk laks. Rolla skal samarbeide tett med eksterne partnarar for å kunne tilby løysningar kundar i premium retail og HORECA faktisk ynskjer.
Arbeidsoppgåver og hovudansvar
Etablere og følgje opp strategiske samarbeid med utvalde VAP-partnarar (filet, skinpack, MAP, porsjonspakkar m.m)
Utvikle ein komplett produkportefølgje for økologisk VAP (type, vekt, emballasje, MOQ, produksjonstid)
Samarbeide tett med salsteamet og nøkkelkundar for å definere krav og tilpasse tilbod
Kartlegge moglegheiter og flaskehalsar hjå partnarar og sikre leveringspresisjon
Koordinere prisstruktur og forhandlingar rundt VAP-produkt saman med salssjef
Sikre samsvar med økologisk sertifisering, sporbarhet og kvalitetskrav i samarbeid med QA
Kven er du?
Me ser etter deg som har erfaring frå produktutvikling, foredling, logistikk eller sal innan sjømat eller matindustri. Dine personlege eigenskapar er like viktige som di erfaring og kompetanse. Det er viktig at du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og drive prosjekt frå idé til løysning.
Sterk forståing for kva premiumkundar ynskjer og kva VAP-verdikjeda krev
God forhandlingskompetanse og kommersiell teft
Kjennskap til partnarstrukturar i VAP-marknaden er ein fordel
Kva kan Eide tilby?
I Eide tør me å satse, på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me driv og lever i. Som vår VAP-ansvarleg for økologisk laks vil du vere ein viktig lagspelar og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø. Hos oss vil du ha moglegheit for personleg og fagleg utvikling i eit godt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø, der arbeidsglede er viktig.
Jobb i ei framtidsnæring, i eit selskap som tør å satse
Varierte og interessante arbeidsoppgåver
Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede er viktig
Konkurransedyktige vilkår
Arbeidsstaden vil vere på Vestlandet med reiseaktivitet til partnarar og kundar
Søknadsinformasjon
Me ønsker deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen. Om du har spørsmål knytt til stillinga, ta gjerne kontakt med HR-leiar Mari Lundal / mari.lundal@efb.no / +47 40 62 87 43.
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium Eide Fjordbruk.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å setje standarden for framtidas havbruk
FerdigheterAI-generert
- Gjennomføre aktivt salg
- Kvalitetskrav
- Logistics General (LO)
- Økologisk landbruk
- Prisansvarlig
- Produktutvikling
- Utvikle produktkatalogen
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Sted: 5035 Bergen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Grossisthandel import/eksport, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Kvalitetssikring
Nøkkelord
VAP-ansvarlig, foredling laks, økologisk laks, produktutvikling, matindustri
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 410941748
- Sist endret