Sal- og logistikkoordinator
Eide Fjordbruk
- Frist 29.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med å setje standarden for framtidas havbruk som sal- og logistikkoordinator
Eide er eit familieeigd selskap og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Visjonen vår handlar om å vere eit førebilete, slik at me kan produsera mat i sjøen på ein berekraftig måte.
Som sal- og logistikkoordinator vil du spele ei nøkkelrolle i å sikre ein smidig og presis samanheng mellom sal, produksjon, slakt og logistikk – med hovudfokus på økologisk laks. Dette er ei rolle for deg som likar ansvar, presisjon og samarbeid – og som vil vere med på å gjere ein forskjell.
Arbeidsoppgåver og hovudansvar
Koordinere daglege aktivitetar mellom slakteri, produksjonsplan og salsteam for å sikre presis og punktleg levering
Følgje opp kontraktar og sikre at avtala leveransevolum og -vekter blir haldne kvar veke
Varsle om avvik og flaskehalsar i god tid
Vedlikehalde og oppdatere oversikta over alle økologiske leveransar
Delta i salstavlemøte og bidra til kontinuerleg forbetring av produksjonsflyten
Støtte salsteamet med dokumentasjon, logistikkinformasjon og systematisk oppfølging
Kven er du?
Me ser etter deg som har erfaring frå drift, salskoordinering, logistikk eller produksjonsplanlegging – gjerne frå sjømat eller daglegvare. Dine personlege eigenskapar er like viktige som di erfaring og kompetanse. Det er viktig at du har evne til å arbeide strukturert og målretta, og tar tak og varslar før det oppstår problem.
Du har god systemforståing og klarer å handtere fleire parallelle prosessar
Du har sterke samarbeidsevner og trivst med å vere bindeleddet mellom ulike avdelingar
Kjennskap til slakteri, foredling eller oppdrett er ein fordel, men ikkje eit krav
Kvifor Eide?
I Eide tør me å satse, på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me driv og lever i. Som vår sal- og logistikkoordinator vil du vere ein viktig lagspelar og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø. Hos oss vil du ha moglegheit for personleg og fagleg utvikling i eit godt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø, der arbeidsglede er viktig.
Jobb i ei framtidsnæring, i eit selskap som tør å satse
Varierte og interessante arbeidsoppgåver
Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede er viktig
Konkurransedyktige vilkår
Arbeidsstaden vil vere på Brandasund, eller i nærleiken av slakteriet
Søknadsinformasjon
Me ønsker deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen. Om du har spørsmål knytt til stillinga, ta gjerne kontakt med HR-leiar Mari Lundal / mari.lundal@efb.no / +47 40 62 87 43.
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å setje standarden for
framtidas havbruk
FerdigheterAI-generert
- Distribusjonslogistikk
- Logistikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Sted: Brandasund, 5423 Brandasund
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Grossisthandel import/eksport, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Planlegger
Nøkkelord
salgs- og logistikkoordinator, Økologisk laks, havbruk, logistikkoordinator, salskoordinering
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 410938023
- Sist endret