Rekneskapsfører med eller utan autorisasjon
Voss Rekneskap AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling hjå Voss Rekneskap AS
Me i Voss Rekneskap AS søkjer etter positive, fleksible og engasjerte medarbeidarar, både erfarne og nyutdanna, som vil vera med på laget vårt!
Om oss:
Voss Rekneskap AS er eit autorisert rekneskapsførarselskap med 6 tilsette. Me er eit lokalt rekneskapskontor, med eit triveleg arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Me har kundar innan ulike bransjar og organisasjonsstrukturar, som landbruk, aksjeselskap og enkeltpersonføretak. Rekneskapsbransjen er stadig i endring, med auka digitalisering og automatisering. Voss Rekneskap har fokus på å følgje utviklinga, for å tilby kundane våre dei beste løysingane tilpassa deira behov.
Arbeidsoppgåver:
• Rekneskapsføring og avstemming
• Årsoppgjer og rapportering
• Lønshandtering
• Rådgjeving og kundekontakt
Kvalifikasjonar:
• Utdanning innan rekneskap, økonomi eller tilsvarande
• Gjerne erfaring frå rekneskapsarbeid, men me oppmodar også nyutdanna til å søka
• Gode datakunnskapar, gjerne innan rekneskapssystem
• Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
• Positiv og fleksibel med gode samarbeidsevner
Me tilbyr:
• Konkurransedyktige vilkår
• Gode utviklingsmoglegheiter
• God opplæring for nyutdanna
• Triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
• Fridom under ansvar
Arbeidsstad: Voss
Tiltreding: Etter avtale
Send søknad og CV til bjarte@vossrekneskap.no innan 20.06.2025 eller ta kontakt med Bjarte Bystøl på telefon 971 41 915 for ein uforpliktande prat.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Uttrågata 23B, 5700 Voss
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Rådgivning, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgjeving, rekneskap, økonomi, sjølvstendig, automatisering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 410920506
- Sist endret