Lege i spesialisering - fødselshjep og kvinnesjukdomer
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 23.06.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Lege i spesialisering - fødselshjep og kvinnesjukdomer
Vi har ledig eit års vikariat for LIS3 - lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomer ved føde, barsel, gyn. pol. seksjon i Volda! Det er gode utsikter for forlenging av vikariatet og fast tilsetting.
Vi søker interessert, engasjert og lærevillig lege som ønsker spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdomer.
Seksjonen har i dag 5 overlegestillinger og 3 LIS-stillinger. Fødeavdelinga vår har omtrent 450-500 fødslar i året, med lav- til moderat-risiko fødsler. Vi tilbyr ein allsidig, og variert arbeidskvardag. Vi utfører ikkje kreftoperasjonar, men tek oss av vanlege gynekologiske tilstander. Det er 5-6 delt vakt, med heimevakt om natta.
Både seksjonen og sjukehuset elles, har eit triveleg og godt arbeidsmiljø, seksjonen er veldreven og er godt utstyrt. Vi har barnelege, men ikkje barneavdeling. Godt samarbeid internt og på tvers i helse foretaket og med kommunehelsetenesta i vårt distrikt.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
Klinisk arbeid som lege i spesialisering på poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost, med deltaking i vakt.Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Godt norsk/skandinaviske språk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er lærevillig og interessert
- Du har eit sterkt fagleg engasjement
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er ein person som aktivt medverker til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- God anledning for ein allsidig og variert praksis
- Godt opplegg for læring og utvikling, i eit hyggeleg kollegium
- Eit sterkt og godt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
FerdigheterAI-generert
- Gynekologi
- Nordisk spåk
- Obstetrikk og gynekologi
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 410791171
- Sist endret