Driftsoperatør
Salar Bruk AS
- Frist 13.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Salar Bruk AS søkjer driftsoperatør
Salar Bruk AS ligg nordvest i Alver kommune, nede ved sjøen heilt aust i Rosslandspollen og i enden av Rylandsvassdraget.
Alver er nabokommune til Bergen, med reisetid frå Bergen sentrum til kommunesenteret Frekhaug på under ein halv time. Kommunen er landfast via Nordhordlandsbrua og er såleis det geografiske bindeleddet mellom Bergen og Nordhordland.
Salar Bruk har pt løyve til å produsera 11,5 millionar sjødyktig settefisk.
Bruket har gjennomgått ei omfattande modernisering, og framstår i dag som eit moderne settefiskanlegg, med ein kapasitet på 11,5 mill smolt. Anlegget er lokalisert på Rossland i Alver kommune, om lag 20 min frå Knarvik, og er 12 motiverte tilsette som no søkjer ny medarbeidar.
Me er på jakt etter deg som er like framoverlent som oss, og som ynskjer å bli med på laget i å produsere sunn og god mat til kundar over heile verda.
Di interesse for akvakultur gjer at du ynskjer deg jobb i havbruksnæringa. Du er ansvarsbevisst, engasjert og ein bidragsytar i arbeidsmiljøet.
Ein driftsoperatør sine daglege arbeidsoppgåver er mellom anna:
Røkting av yngel og smolt, vasking av kar, levering og mottak av fisk, varemottak, etc.
Utføre dagleg journalføring, vannmålingar etc.
Drift og vedlikehald av utstyr og anlegg
Produksjons- og kvalitetsoppfylging
Ynskjelege kvalifikasjonar:
Relevant utdanning og /eller erfaring innan akvakultur (men ikkje eit krav)
Er sjølvstendig og fleksibel, med evne til å stå på når det trengs
Har teknisk innsikt og evnar å setje seg inn i tekniske løysingar
På jobb på Salar Bruk AS vil du arbeida i eit av dei leiande norske oppdrettskonserna i Noreg, eit spanande miljø der fokus er å gjera det me er best på, nemleg produsera laks.
Våre dedikerte medarbeidarar spelar ei særs viktig rolle for å gje settefisken vår dei aller beste vekstvilkåra, og er alltid framoverlent for å yte maks for best mogleg produksjon.
Me kan tilby deg naudsynt opplæring, kjekke kollegaer, og varierte arbeidsdagar
Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja.
Driftsoperatør må pårekna å delta i alarm- og helgevaktordning på anlegget, med fleksibel avspaseringsordning.
Løn og tiltreding etter avtale.
Søknadsfrist snarast og innan 13. juni 2025
Ferdigheter
- Fiske og akvakultur
- Varemottak og utsendelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
- Sektor: Privat
- Sted: Stekkevikvegen 42, 5917 Rossland
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Biolog, Produksjon, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
driftsoperatør, akvakultur, settefisk, smolt, røkting
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 409788672
- Sist endret