PROSJEKTINGENIØR
SMART AUTOMATION AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Rigmor treng elektro- og automasjonsingeniørar!
Me treng fleire engasjerte medarbeidarar, seier avdelingsleiar Rigmor Lønning, som ønskjer seg ein strukturert, teknisk nysgjerrig person med gode evnar til å snakka og lytta. Me arbeider tett saman i teamet vårt, tverrfagleg med elektro og automasjon, der vår rolle med integrering av ulikt utstyr gjer dialogen med leverandørar og kundar svært viktig.
Arbeidsoppgåver
Dialog med kunde
Utarbeide teikningsunderlag og dokumentasjon for produksjonsavdeling og kunde
Konfigurasjon og programmering av våre system
Oppfølging av serviceteam ved oppstart
Noko reising ved behov
Kvalifikasjonane me ønskjer du har
Ingeniør- eller fagskuleutdanning innan relevante fagfelt, t.d. automasjon, data, elektro eller el-kraft
Alternativt elektro- eller automasjonsfagbrev og har relevent erfaring frå leveransar til skip
Gode evner til å snakka med og lytta til kunden - og forstå behov og ønskjer
Me kan tilby deg
Ein varm velkomst og god ombordstiging!
Interessante og utfordrande oppgåver der din innsats spelar ein viktig rolle
Å få vera med å jobba med berekraftige løysingar for framtida
Eit triveleg og humørfylt arbeidsmiljø
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Lønn etter avtale
Ferdigheter
- Automasjon
- Elektro (AMO)
- Elektronikk
- Prosjektering
- Prosjektledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
SMART Automation leverer avanserte automasjonsløysingar for styring og overvaking av heile fartøyet. Her fokuserer me på å finna den rette løysinga for kvar enkelt kunde, anten det er nybygg eller ombygging av eldre fartøy.
Våre ordrebøker får stadig påfyll og me skal levera svært mange, store prosjekt dei neste åra. Difor vil me gjerne ønskja velkommen nye, dyktige medarbeidarar til teamet vårt. Me skal skapa dei beste løysingane og leveransane til kundane våre!
Me utviklar alt frå programvare til maskinvare, med optimal integrering som gir kundane våre dei løysingane som fungerer best, med det utstyret dei ynskjer for sine fartøysprosjekt.
Du vil få god mottaking om du ynskjer å jobba her hos oss, med ivrige kollegaer som vil deg vel. Me hjelper medan du lærer våre system og produkt å kjenna. Du kan gleda deg til ein interessant og givande kvardag med nye utfordringar og fokus på miljøvennlege løysingar kundane treng!
Me har det kjekt på jobb! Med ei fin blanding av erfarne, dyktige folk som har vore her i mange år, har vore med og utvikla produkta våre og kjenner dei inn og ut, og unge, dyktige som kjem inn med stor entusiasme og pågangsmot! Her ligg det kontinuitet som skaper tryggheit for dei nye og inspirasjon for dei som har vore ei stund.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Hollundsdalen 5, 5430 Bremnes
- Bransje: Elektronikk, Kraft og energi, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Elektroingeniør, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
prosjektingeniør, strukturert, teknisk, nysgjerrig, kommunikasjon
Dagleg leiar John Kåre Torkelsen i god dialog med kunde etter levering. (1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 408577429
- Sist endret