Seniorrådgjevar for utvikling av departementsfellesskapet
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
- Frist 1.6.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og utvikle eit samordna, effektivt og kompetent departementsfellesskap?
Dette er ei unik moglegheit til å bidra til den strategiske utviklinga av departementsfellesskapet i ei tid der departementa og Statsministerens kontor vert samlokaliserte i det nye regjeringskvartalet.
Samfunnet har vorte meir komplekst, og behovet for å arbeide meir heilskapleg med utfordringar som rører fleire departement, har vorte større. I avdelinga for departementa sine fellesfunksjonar arbeider vi for at departementsfellesskapet fungerer på ein god måte, og vi har ei sentral rolle i gjennomføringa av strategien for departementsfellesskapet Gode kvar for oss. Best saman (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/gode-hver-for-oss.-best-sammen/id2856172/). No ser vi etter deg som vil vere med på å utvikle eit samordna, effektivt og kompetent departementsfellesskap, og arbeide med å gjennomføre tiltaka i strategien.
Du får arbeide med
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å
operasjonalisere og gjennomføre tiltaka i strategien Gode kvar for oss. Best saman. Gjennom oppfølginga av strategien skal du mellom anna vere med på å leggje til rette for at departementa
samarbeider godt om både utvikling, finansiering og gjennomføring av politikk
effektiviserer arbeidsprosessar og utnyttar teknologiske moglegheiter
utviklar og brukar kompetansen i heile departementsfellesskapet
etablerer fleire fellesarenaer for departementa
vidareutviklar administrative tenester og funksjonar
byggjar solid kunnskap for å kunne utvikle departementsfellesskapet vidare
du vil samarbeide med dei øvrige departementa og Statsministerens kontor
du vil samarbeide med dei underliggjande verksemdene DSS og DIO, som er departementsfellesskapets partnarar i utviklingsarbeidet
du vil delta i eller leie arbeidsgrupper med departementa, skrive avgjerdsnotat og sikre at tiltaka som vert utvikla er nyttige og treff brukarane sine behov.
Arbeidsoppgåvene kan variere over tid og vert vurderte ut frå seksjonen sine behov.
Vi søkjer deg som har
For å vere kvalifisert for stillinga må du ha
relevant utdanning på masternivå
fem års relevant erfaring
svært god kjennskap til arbeidet i departementa, og god forståing for embetsverket si rolle og politiske prosessar
erfaring frå prosessar der mange aktørar arbeider saman mot eit felles mål, og gjerne ha leia slike prosessar
interesse for organisasjonsutvikling og strategisk utviklingsarbeid
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
I denne stillinga må du ha svært gode samarbeidsevner, vere lyttande, skape tillit hos eit mangfald av aktørar og forståing for omforente løysingar. Du må evne å sikre framdrift, vere konstruktiv og robust, og ønskje å sjå oppgåvene heilt i mål. Du må vere nysgjerrig og ønskje å systematisk oppdatere kunnskapen din.
Vi søkjer etter deg som vil gje eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet og har stor motivasjon for å ta departementsfellesskapet inn i ei ny tid. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi tilbyr
eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin
ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø
gode utviklingsmoglegheiter
lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport
gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
fleksibel arbeidstid
sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar
egne sosiale tilbod for deg som er ung i departementet
Løn: Stilling blir lønt som seniorrådgjevar frå kr 700 000-880 000 per år. Lønnsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her (https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/autorisasjon/).
Vi er opptekne av
Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Informasjon til deg som søkjer
Vi er opptekne av kva du kan, erfaringane dine og kompetansen du har, og vil derfor stille deg nokre faglege spørsmål, framfor å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykker på "Søk stillinga", kjem du til rekrutteringsportalen og må logge inn.
I portalen er det viktig at du:
Svarar på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst.
Fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for bl.a. å vareta kravet om fullstendige søkjarlister.
DFD nyttar bakgrunnssjekk frå Semac i nokre av rekrutteringsprosessane våre. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke, og inneber bla at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.
Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt avdelingsdirektør Kristina Jullum Hagen på tlf. 924 54 677 eller e-post kristina-jullum.hagen@dfd.dep.no. For spørsmål om rekrutteringsprosessen, kan du ta kontakt med rådgjevar i DSS Tale Fredriksen på tlf. 908 43 773 eller e-post tale.fredriksen@dss.dep.no.
FerdigheterAI-generert
- Strategisk systemutvikling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, statleg arbeidsgivarpolitikk, statleg bygg- og eigedomsforvaltning, det administrative ansvaret for statsforvaltarane og arbeid med berekraftsmål.
Avdeling for departementas fellesfunsksjoner (ADF) skal bidra til at departementsfellesskapen fungerer på ein god måte, mellom anna ved at departementa har formålstenlege lokale, og sikre og effektive fellestenester med rett kvalitet, og ei felles tilnærming til tverrgåande utfordringar og kompetansebehov. Avdelinga etatsstyrar Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og Departementenes digitaliseringsorganisasjon (DIO).
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 59, 0180 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Prosjektledelse, Samfunnsviter
Nøkkelord
departementsfellesskapet, departement, strategi, utviklingsarbeid, seniorrådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 408093536
- Sist endret