Rekneskapsmedarbeidar
Norges idrettsforbund/Vestland idrettskrets
- Frist 01.06.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer rekneskapsmedarbeidar til vår avdeling for rekneskapstenester i Vestland idrettskrets
Vi har nyleg etablert ei avdeling for rekneskapstenester for idrettslag og andre organisasjonsledd. I den samanheng er vi no på jakt etter ein rekneskapsmedarbeidar som kan vere med på å forenkle kvardagen til idrettslaga i Vestland og bidra til gode strukturar for økonomistyring. Avdelinga består i dag av fire tilsette i ulike stillingsprosentar som til saman utgjer 2,3 årsverk.
Vi tilbyr ei nyoppretta fast 100 % stilling der hovudfokuset vil vere rekneskapsføring og utvikling av gode økonomirutinar for idrettslaga våre i Vestland. Arbeidsstad vil vere Idrettens Hus i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Rekneskap frå A til Å for små og store idrettslag
- Løn frå A til Å
- Oppfølging og ansvar for eiga kundeportefølje
- Effektivisering og utvikling av prosessar i avdelinga og mot idrettslaga
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon
- Erfaring med Excel
- Erfaring med Tripletex er ein fordel
- Erfaring frå idrett eller andre frivillige organisasjonar er òg ein fordel
- Noko erfaring med rekneskapsarbeid, til dømes frå rekneskapskontor, revisjon eller økonomiavdeling
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og effektivt
- Nøyaktig og påliteleg
- God på planlegging og prioritering
- Tenesteinnstilt, imøtekomande og har gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- Trivst med ansvar
- Lagspelar som likar å utvikle deg sjølv og andre
Avdelinga er ein eiga resultatenhet i idrettskretsen. Vi har ein ambisjon om å vere fagleg leiande innan rekneskap for idrettslag. Vi har ein kort årsoppgjerperiode og legg til rette for god planlegging slik at behovet for overtid vert halde på eit minimum.
Søknadsfrist: 01. juni 2025, men søknadane vert vurderte fortløpande, så send gjerne inn søknad alt i dag.
Vi tilbyr eit engasjerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med stor takhøgde. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som vektlegg høg kvalitet og kunnskapsdeling. Vi har gode forsikringsordningar og per i dag pensjonsordning i Statens Pensjonskasse. Vi tilbyr også høve til trening i arbeidstida og løn etter avtale. I NIF jobbar vi for å skape idrettsglede for alle. Med det oppdraget er det heilt naturleg at vi ønskjer å byggje eit mangfaldig og inkluderande team av svært dyktige individ som brenn for å gjere norsk idrett til ein inkluderande arena. Vi har stor tru på at vi alle utmerkar oss og er meir kreative når vi får lov til å vere oss sjølve, og vi ønskjer difor å byggje ein kultur der alle kjenner seg heime. I NIF ønskjer vi tilsette med ulik kompetanse, tilnærmingar, perspektiv, alder, kjønn, livserfaring, mangfaldskompetanse og bakgrunn. Mangfald er viktig både for arbeidsmiljøet og for jobben vi skal gjere.
FerdigheterAI-generert
- Bokføring
- Bruke regnskapssystemer
- Ledelse (universitet)
- Microsoft Excel
- Offentlig regnskap
- Oppfølging av kundeportefølje
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland idrettskrets er eit organisasjonsledd under NIF og omfattar 53 særkretsar og 43 idrettsråd som organiserar over 900 idrettslag med til saman over 220 000 medlemskap. Vestland idrettskrets er den største frivillige organisasjonen i Vestland fylke og har kontor på Idrettens Hus i Førde og Idrettens hus i Bergen.
- Sektor: Privat
- Sted: 5068 Bergen
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Idrett og trening, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Lønn, Regnskap
Nøkkelord
Idrettslag, Økonomirutiner
Annonseinformasjon
- FINN-kode 407696533
- Sist endret