Barne- og ungdomsarbeider
Time kommune
- Frist 20.05.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Barne- og ungdomsarbeider
Trollongane barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS. Me har lærlinger og i tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.
Arbeidsoppgåver
Legge til rette for leik og aktivitet i barnehagenSamarbeide med kollegar og forsette
Tilpassa aktivitetar til en einskilde barn
Følje opp daglege rutinar
Kvalifikasjonar
Fagarbeidar, fortrinnsvis barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant kompetanse eller erfaring kan kompensera for manglande fagbrevDet er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
Krav om norskferdigheiter på minimum nivå B1
Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kjeldevegen 1, 4344 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barnehage, barne og ungdomsarbeider, ungdomsarbeider, fagarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 406331502
- Sist endret