Bildegalleri
Veldig lite brukt Trek Powerfly 7 Equipped Gen4 XL selgast
Til salgs
38 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Merke: Trek
Sykkeltype: Elektrisk
Kjønn: Unisex
16.mars 2024 kjøpte eg draumesykkelen på Glade Hjul AS i Hønefoss, ein Trek Powerfly Sport 7 Equipped XL. Planen var at eg skulle sykle kvar dag til jobb, og i stor grad bytte ut bilkøyring med elsykling.
Slik vart det dessverre ikkje, og el-sykkelen har blitt ståande mykje i garasja der det er tørt og fint. I staden for å ha ein så bra el-sykkel ståande utan å bli brukt, velger eg no å selge sykkelen til nokon som vil bruke den meir.
Den er så og seie ubrukt, sykla 530 km totalt. Og kvar kilometer har vore ein fryd. Det er ein knallbra sykkel med kun gode komponentar.
Trek som merke har gode rammer og syklane er godt samanskrudde. Dette er noko ein kjenner når ein syklar på ein Trek. Av kvalitetskomponentar som kan framhevast spesielt så har sykkelen følgande:
- Ramme: Alpha Platinum-aluminium med avtakbart integrert batteri (RIB), konisk styrerør, innvendig kabelføring, Motor Armor, Boost148, 12 mm gjennomgående aksel.
- Gaffel: SR Suntour Zeron 35, luftfjær, hydraulisk lockout, 120 mm vandring
- Motor: Bosch Performance Line CX, smartsystem, 85 Nm, med Kiox 300 smartsystem
- Batteri: Bosch PowerTube 625 Wh, smartsystem.
- Gir: Shimano SLX M7100, 12-delt med Shimano XT M8100 bakgir.
- Hjul: Bontrager Line Comp 30, Tubeless Ready, Boost110 foran og Boost148 bak, 29"
- Bremser: SRAM DB 8 4-stempels hydrauliske skivebremser med 200 mm bremseskiver
Dette er ein knallbra sykkel til ein meget god pris. Avbilda foldelås følger med kjøpet. Ta gjerne kontakt om du har nokon spørsmål eller ønskjer meir dokumentasjon og bilete.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 15.3.2026 kl. 17:57 ・ FINN-kode: 405837833
