Mekanikar tunge køyretøy
Trucknor Førde AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Trucknor Førde AS søker mekanikar tunge køyretøy
Vil du jobbe med store motorar og moderne teknologi i eit inkluderande arbeidsmiljø? Trucknor Førde har ledig 100 % fast stilling som mekanikar for tunge køyretøy!
Trucknor Førde er ein autorisert verkstad for Volvo, Renault og MAN, som i 2024 omsette for vel 38 millionar kroner. Vi har eit solid team på 13 tilsette, med ei god blanding av erfaring og ny kompetanse. Du vil bli ein del av vårt trivelege og inkluderande arbeidsmiljø, der du vil få arbeide med moderne utstyr og teknologi på marknadens leiande maskiner. Dette gir gode høve for fagleg utvikling. Bli med på laget og jobb med dei største maskinene!
Vi ser etter deg som:
Har interesse for faget og likar å skru på storbil
Er strukturert, lærevillig og engasjert
Kan jobbe sjølvstendig, men har óg gode samarbeidsevner
Har relevant fagbrev eller erfaring, samt interesse for tungbil
Beherskar norsk eller engelsk
Har kompetanse innan elektro og moderne feilsøkingsmetodar (ikkje eit krav)
Arbeidsoppgåver:
Feilsøking og diagnose på rullande materiell
Service og reparasjonar på lastebilar
Reparasjonar av tilhengarar og anna tyngre materiell
Hos oss får du:
Ein spennande og variert jobb som mekanikar/teknikar
Ein trygg jobb i ei framtidsretta og solid bedrift
God opplæring, kurs og gode utviklingsmoglegheiter
Tilgang til nytt og moderne utstyr – vi jobbar med det nyaste på marknaden
Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjon
Tilgang til ferieleiligheiter i Noreg og Spania
Vil du bli ein del av laget vårt?
Send oss ein kort søknad og CV – vi vil gjerne høyre frå deg! Ta kontakt dersom du har spørsmål.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Trucknor Førde AS er autorisert verkstad for Volvo, Renault og MAN laste- og varebilar som i 2024 omsette for vel 38 millionar kroner. Trucknor Førde AS er eigd av Trucknor Sogn og Fjordane AS – ein autorisert Volvo lastebil- og bussforhandlar med ein marknadsdel på om lag 53 % for lastebilar over 16 tonn i Sogn og Fjordane i 2024. Både Trucknor Sogn og Fjordane AS og Trucknor Førde AS er ein del av Trucknor AS, som igjen er eigd av Strømberg Gruppen AS med ei omsetning på kring 3,4 milliardar kroner i 2024.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: ØYRANE 10, 6800 Førde
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Mekaniker
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
tunge køyretøy, mekanikar, lastebilar, verkstad, mekanisk arbeid
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 405135306
- Sist endret