Bildegalleri
Sjarmerande skulepult/skolepult
Til salgs
600 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Sidan ingen av ungane passar han lenger, sel eg denne nydelege skulepulten i tre og metall.
Han blei i si tid kjøpt på Finn.no, så eg anar ikkje kor gammal han er, men om eg skulle tippe vil eg anta at han er minst 60 år.
Sjarmerande er han, uansett alder, sjølv om han visar tydelege teikn på å ha vore i bruk.
Eg har ikkje gjort noko anna vedlikehald enn støvtørk, då eg er glad i patina.
Restane etter klistremerka på den eine sida er frå forrige eigar, men kan truleg fjernast med litt innsats.
Lokket på pulten er skråstilt, men kan stillast inn til å bli vassrett ved hjelp av ei fiffig mekanisme på innsida av lokket (sjå bilete).
Det er god lagringsplass under lokket.
Stolen har svingfunksjon, og det skal gå an å stille på høgda på både stol og pult, men det har me ikkje testa ut.
Mål:
Lokket er 59 cm bredt og 47 cm djupt.
Setet på stolen er 35 cm bredt og 30 cm djupt.
Slik pulten er stilt inn no er han 70 cm på høgaste punkt. Setet er 38 cm høgt.
Pulten målar totalt 77 cm x 59 cm.
Pulten må hentast.
#skolepult
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 7.12.2025 kl. 12:32 ・ FINN-kode: 403170489


