Innkjøpar
Lerum AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Innkjøpar
Vi har ledig fast 100% stilling i innkjøpsavdelinga.
Stillinga som innkjøpar blir ein del av eit team på 4 personar, som saman er ansvarleg for innkjøp av råvarer, emballasje og indirekte varer og tenester i størrelsesorden 600 MNOK per år. Vi har leverandørar både i Noreg og i utlandet.
Stillingsinnhold
- Følge opp og rapportere på vår plikt til Initiativ for etisk handel.
- Systemansvar for leverandøroppfølging.
- Utføre innkjøp i samsvar med gjeldande lovverk og retningslinjer, under dette forhandle kontraktar og sikre nødvendig dokumentasjon.
- Identifisere nye og utvikle eksisterande leverandørar.
- Delta i tverrfaglege kontinuerlege forbetringsprosjekt og innovasjonsprosjekt.
Ønska kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning innan administrasjon/økonomi/logistikk.
- Erfaring frå innkjøp, men nyutdanna vert også oppfordra til å søke.
- Gode språkkunnskapar, både skriftleg og munnleg (Norsk, Engelsk)
- Gode IKT kunnskapar, primært med ERP system m.m
Ønska personlege eigenskapar:
- Du er ein positiv og løysingsorientert kollega, som kommuniserer godt på tvers av organisasjonen.
- Du jobbar sjølvstendig, men trivast også godt med teamarbeid og kompetansedeling.
- Du har god arbeidskapasitet og stor eigeninteresse for å halde deg fagleg oppdatert.
- Du har utprega kremmarånd.
- Du er god på å skape relasjonar både internt og eksternt.
Stillinga vil i periodar krevje noko reiseverksemd
Lerum sine verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert, dette er verdiar vi også ser etter når vi rekrutterer. Det er korte beslutningsvegar på tvers i organisasjonen, og som tilsett hjå oss får du ta del i utviklinga av saft- og syltetøyeventyret.
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Arbeid med sterke merkevarer i vekst
- Eit spennande fagmiljø med høg kompetanse
- Konkurransedyktige lønnsbetingelsar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Frist: Snarast
Tilsetjingsform: Fast
Om arbeidsgivaren
Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar. I 2024 hadde Lerumkonsernet ein netto omsetnad på 869 mill. kroner og 135 tilsette. Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus og har i tillegg betydeleg eksport av saft til Sverige og Finland. Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRCGS, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet. Vi er lokalisert på Kaupanger, i Sogndal kommune. Vi er omgitt av nydeleg natur med fjell og fjordar rett utanfor døra.
Lerum kjøper råvarer og emballasje frå mange ulike land. Vi prioriterer å kjøpe kortreist, både råvarer og emballasje.
I Lerum ønskjer vi å bidra til ei berekraftig utvikling. Vi er derfor opptekne av å jobbe aktivt for å fremje og utvikle gode arbeids- og miljøforhold både i verksemda og hjå våre leverandørar. Arbeidet med leverandørane har høg prioritet og rammene rundt dette arbeidet er styrt av vårt medlemskap i Initiativ for etisk handel.
BEREKRAFT SIDAN 1907
«Vi kan ikkje kaste bær», sa Kari Lerum ein augustdag i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien utanfor landhandelen på Sørheim. Slik oppstod Lerum.
Sidan den gong har Lerumfamilien med si verksemd i Sogn teke vare på frukt og bær, naturen, menneska og lokalsamfunnet som vi er ein del av, slik at noverande og framtidige generasjonar skal ha glede av det gode naturen gir oss.
Nærleik og kjærleik til den gode råvara er utvikla gjennom generasjonar med stolte handverkstradisjonar. Vi har alltid safta og sylta kvalitetsprodukt, og gleda det norske folk med den aller beste smaken av frukt og bær. Vi skal vere ein sterk norsk utfordrar som skaper meirverdi saman med tilsette, forbrukarar, kundar, myndigheiter og lokalsamfunnet.
Lerum frå Sogn – kjærleik til frukt og bær.
Ta vare på – Naturen, Foredling, Ernæring, Menneske og Lokalsamfunnet
FerdigheterAI-generert
- Anskaffelser
- Avtaleforhandlinger
- Digitale ferdigheter
- ERP-systemer
- Identifisere leverandører
- Innkjøp og logistikk
- Ledelse (universitet)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Innkjøp, Etisk handel, Innovasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 402419407
- Sist endret