Bildegalleri
Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus - med biskop Kari Veiteberg
Til salgs
Frakt fra 19 kr + Trygg betaling 39 kr. Frakten er på tilbud – ordinær pris er 39 kr.
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo. Og ho er det i ei underleg tid. For no herjar koronaen, naturen kollapsar, klimaet blir endra, fundamentalistar krigar, det offentlege ordskiftet hardnar, og det blir stadig fleire flyktningar. Noreg er eit av dei mest sekulariserte samfunna i verda, men har trua noko å gje oss i krise og kvardag som vi ikkje finn andre stader? I så fall kva? Kva trur biskopen i Oslo sjølv? Og kven er ho?
I denne boka snakkar Veiteberg om alt dette. Om eigen oppvekst, om å vere kvinne og prest, om ei kyrkje og ei verd i endring, om himmel og håp og det heilage. Veiteberg er kjend for sitt sterke sosiale engasjement, ho har jobba blant uteliggjarar og rusavhengige, og som biskop opna ho ei kyrkje nattetid for heimlause. Biskopen i Oslo fyller 60 år i 2021. Då er det også 60 år sidan den første kvinnelege presten vart ordinert i Den norske kyrkja. Kari Veiteberg (f. 1961) er biskop i Oslo. Ho er frå Stord, har doktorgrad i teologi og mellomfag i teatervitskap. Ho har skrive fleire artiklar og bøker, mellom anna Bibelens kvinner og Evas døtrer. Ho har vore synleg som prest og biskop i både radio og TV, ho har jobba både som prest i Kirkens Bymisjon og undervist i ulike teologiske emne. Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist, prestedotter og agnostikar. Ho har jobba for norsk presse i over 20 år og gjeve ut 15 bøker, flest om natur, klima og menneske..
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 13.10.2025 kl. 11:14 ・ FINN-kode: 402228227

