REKTOR - Hardanger Folkehøgskule
Hardanger Folkehøgskule
- Frist 10.5.2025
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 500 000 - 900 000 krLønn etter avtale
LEDERSTILLING
Vår rektor gjennom 25 år skal trappe ned og gå over i en annan funksjon og vi søker hans etterfølger.
Vi søker ein tydeleg og inspirerande rektor som identifisere seg med skulen sine verdiar og som kan jobbe i tråd med dei. Du må ha eit stort hjarte og engasjement for å jobbe med unge vaksne, samtidig som du ynskjer å utvikla skulen vidare.
Hardanger Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule på Lofthus i Ullensvang kommune. Det er ein open og inkluderande skule som set eleven i sentrum. Vi er uavhengig av livssyn og gir eit pedagogisk tilbod på brei humanistisk grunn.
Skulen har attraktive linjetilbod, turar og prosjekt og eit stort elevmangfold. Vi driv også omfattande utleige om sommaren.
Vi ynskjer å fremma lærelyst gjennom folkehøgskulepedagogikken, undervisning, sosiale fellesskap, samarbeid og dialog.
Skuleleiinga består i hovudsak av rektor og ass.rektor, men rektor må drive moderne leiarskap i samarbeid med internatleiar/kontorfullmektig, kjøkkenleiar og driftsleiar.
Rektor er skulen sin overordna- og pedagogiske leiar, leiar for heile personalet med drift av heile skulen inkl. økonomi og personalansvar. Rektor rapporterer til skulens styre.
Rektor har noko undervisning og må rekna med både tur, kveld og helgearbeid.
For meir informasjon om skulen sjå: www.hardanger.fhs.no
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Hardanger Folkehøgskule er eigd av Hardanger Folkehøgskulelag, ein open organisasjon som alle kan bli medlem i. I 2025 er skulen 108 år, og tusenvis av ungdom har gjennom desse åra hatt eit viktig ungdomsår på Lofthus. Skulen sine kjerneverdiar er Fellesskap, Engasjement og Respekt
Det er pr.no 13 fast tilsette samt ein del ekstra personell om sommaren. Vi har 106 sengeplassar, men godkjent internatkapasitet på 77 og maksimalt elevtal på 92.
Skulen har god økonomi og solid likviditet.
Skulen har eit verdidokument som vi baserer verksemda på. Målet er å ruste ungdom for det livet som ligg framfor dei. Tryggleik, samarbeidsevner og lærelyst er andre mål for skulen.
Arbeidsoppgåver, bl.a:
Skuleleiing
Personalleiing
Budsjett og økonomistyring
Opptak, marknadsføring og skuleutvikling
Undervisning
Vi tilbyr:
Lønn etter avtale
Medlemsskap i SPK
Ein arbeidsplass med innarbeidde rutiner godt arbeidsmiljø
Ein utfordrande og spennande stilling med stor fridom
Varierte leiaroppgåver
Administrasjonsressurs 60/40
Deltaking i rektornettverket i Hordaland
Vi ser etter:
Ein engasjert rektor som identifiserer seg med idegrunnlaget
Ein relasjonsorientert rektor med eit romsleg menneskesyn og som ynskjer å utvikla skulen
Ein lagbyggar som ser verdien i andre sin kompetanse
Ein rektor med gode kommunikasjonsferdigheiter
Rektor må kunne vera beslutningsdyktig/ ta gode avgjerder
Kvalifikasjonar:
Relevant høgare utdanning
Relevant pedagogisk erfaring og kunnskap
Leiarerfaring, gjerne innan utdanningssektoren
Kjennskap til folkehøgskule
Erfaring med budsjettstyring, økonomiforståing/kompetanse
Personleg eigna er viktig i utvelginga
Tilsettingsvilkår:
I tråd med gjeldande lover, tariffavtalar og reglement
Vi krever politiattest av nyare dato
Det blir praktisert 6 månadars prøvetid
- Sektor: Privat
- Sted: Hordatunvegen 29, 5781 Lofthus
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
folkehøgskole, ledelse, undervisning, økonomi, drift
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 401770179
- Sist endret