Vikariat 100%
Rygg barnehage
- Frist 7.7.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Styrar i Rygg barnehage
Rygg barnehage SA har ledig 100% vikariat som styrar i Rygg barnehage fra 01.09.2025.
Stillinga kan verte forlenga.
Rygg barnehage er ein to- avdelings barnehage for barn frå 1-3 år og 3-6 år. Det er i dag 10 årsverk tilknytta barnehagen og styrar har bl.a. det daglege ansvaret for å leie og følgje opp det pedagogiske arbeidet, personal -leiing og økonomi i barnehagen. Styrar bidreg også til kompetanseutvikling og ivaretek kvalitetsarbeid i barnehagen. Styrar vil vere ei sentral drivkraft i utviklinga av eit heilheitleg og inkluderande barnehagemiljø som innebærer samarbeid mellom ulike fagområder.
Barnehagen ligg flott til ved fine turområder og nær sjøgrensa. Sjå meir informasjon om barnehagen på våre heimesider eller ta kontakt med styrar.
Ferdigheter
- Faglig / pedagogisk ledelse
- Kvalitetsstyring
- Økonomistyring
- Personalansvar
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Rygg barnehage ligg på sørsida av Gloppefjorden. Barnehagen er organisert som eit samvirkeføretak og er eigd av foreldregruppa.
Styret i barnehagen ser verdien i å vere nok tilsette saman med barna, og barnehagen yter difor god kvalitet i det daglege arbeidet. Barnehagen arbeider godt for at barna skal få ein trygg og god kvardag, og har difor fokus på gode leikerutiner og eit fellesskap som alle kan delta i.
Kvalifikasjonskrav
Barnehagelærarutdanning
Kompetanseønske
Styrarutdanning/leiarutdanning eller leiarerfaring
Arbeidserfaring som pedagog med leiaransvar
Personlege eigenskapar
Ein tydleg og omsorgsfull leiar, som motiverer og engasjerer og evnar å skape ei felles retning for barnehagen og barnehagen sine tilsette.
Er løysingsorientert, sjølvstendig og viser god gjennomføringsevne.
Du er fleksibel og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver.
Du er opptatt av barna sin trivsel og utvikling, og evnar å byggje sterke relasjonar -- både med barn, føresatte og tilsette.
Personlege kvalitetar vil verte vektlagt.
Politiattest er påkrevd ved tilsetjing
Vi tilbyr eit spennende, tverrfagleg og utviklande arbeidsområde, lønn etter avtale/tariff, pensjonsordning i Storebrand.
Treng du fleire opplysningar ring Pernille Holmøy tlf. 97 75 24 27 epost: post@ryggbarnehage.no
Bekreftade kopiar av attestar og vitnemål tek du med ved evt. intervju.
- Sektor: Privat
- Sted: Ryggjavegen 24, 6823 Sandane
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Styrer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
styrar, barnehage
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399558941
- Sist endret