Bildegalleri
Whippet-tispe til omplassering
Til salgs
8 000 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 4 år eller eldre
Vakker og sart whippettispe, snart 6 år gammal, søkjer ein roleg heim der ho kan få kose seg, gjerne som det einaste kjæledyret.
Ho er oppvaksen med tre rolige born, to vaksne og ei anna whippettispe. Dei to hundane har aldri passa saman – Nova har ikkje fått blomstre fordi den andre tispa er meir dominerande, og sidan ho er meir forsiktig av seg trekk ho seg raskt unna.
Nova er ei varsom og roleg sjel som trivs aller best i sofaen, gjerne oppå eit teppe og tett inntil sin aller beste venn, mennesket. Ho er litt engstelig og treng gode rutinar og forutsigbarheit; å vere aleine i huset gjer henne redd, men etter ein god luftetur kan ho klare å vere aleine i tre timar, men ikkje lengre. Vår kvardag er no endra og det går stadig meir enn tre timar før nokon kjem heim frå skule eller jobb. Difor søkjer ho ein heim der det stort sett alltid er folk til stades.
Ho elskar ein frisk luftetur om morgonen, ein liten snue på ettermiddagen er også kjekt, men kvelden er ekstra spennande med mange nye lukter å utforske. Turane treng heller ikkje vere lange. Skogen er herleg, men ho må alltid ha band på seg for instinkta hennar tek over dersom ho får ferten av eit dyr.
Nova ønskjer verkeleg å vere flink, og ho er veldig villig til å prøve viss det vankar go’bitar, men forstår ikkje alltid kva du meiner. Tålmod og ei mild stemme er avgjerande for å vinne hjartet hennar og bygge god kontakt. Ho er vaksinert i 2025 og helsesjekka, heilt frisk og brukar ingen medisinar.
Kjenner du at du kan gi Nova det ho treng? Kanskje er det DU som treng Nova?!
Ta kontakt ved interesse!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 5.4.2025 kl. 11:04 ・ FINN-kode: 395461177