
Breidderådgjevar bedriftsmarknad
Voss Veksel- og Landmandsbank ASA - Vekselbanken
- Frist 13.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Vekselbanken søkjer nye medarbeidarar
Arbeidsoppgåver:
- Breidderådgjevar for kundar innan bedriftsmarknadsområdet.
- Rådgjevar innan finansiering.
- Sal av forsikring, sparing og plassering og øvrige produkt innan bedriftsmarknaden.
- Kunde/konto oppretting og vedlikehald for kundar.
- Skape gode kundeopplevingar i møte med kundar og i digitale løyper.
- Proaktiv og målretta arbeid overfor eksisterande og nye kundar.
- Bidra til at banken når sine mål på resultat og kundetilfredsheit.
Me tilbyr:
- Ein arbeidsplass prega av godt samhald, god stemning og stå-på-vilje.
- Ein bank som har som mål å vera blant dei beste på kundeopplevingar.
- Ein bank som brenn for å bidra til positiv utvikling i bygdene og lokalsamfunna me er ein del av.
- Konkurransemessige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Arbeidsstad er Eidfjord, Kinsarvik eller Voss.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vekselbanken er ein sjølvstendig børsnotert forretningsbank lokalisert på Voss og i Eidfjord. Me er ein menneskeorientert bank som set kunden i sentrum, og me søkjer difor etter omgjengelege, utviklings- og resultatorienterte medarbeidarar. Me har eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med godt samarbeid, men der du også må kunne arbeida sjølvstendig og strukturert. Vårt motto er: «Ein god medspelar» for kundar og kollegaer. Seks år på rad er me i ei kundeundersøking kåra til banken i Eika Alliansen med dei mest nøgde kundane, og i fylgje Kantar som gjennomfører kundeundersøkinga, har me truleg Noregs mest nøgde bankkundar. Banken samarbeidar med 46 andre bankar i Eika Alliansen.
- Sektor: Privat
- Sted: Vangsgata 24, 5700 Voss
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Rådgivning, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgjevar, bedriftsmarknad, finans, kundeservice, målretta
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384590356
- Sist endret






