Bildegalleri
Boka "Geiranger, Norway - Ei god historie".
Til salgs
Gratis frakt + Trygg betaling 40 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
I 2006 kom boka om Geiranger ut på Selja Forlag. Boka gjev ei rik skildring av utviklinga av turistbygda Geiranger i ein periode på omlag 50 år, den epoken då "alt" skjedde. Søskena Karl Mjelva og Marit Mjelva Henden gav ut boka saman, og sistnemnde er hovudforfattar. Dottera til Marit, Margrethe Henden Aaraas, hadde redaktør-ansvaret og bearbeidde tekstane. Ho er tidlegare journalist og tilsett i NRK i ei årrekke.
Boka startar med historia om då Karl Johan Mjelva (f. 1871) og Julie Mjelva (f. Soug i 1865) kom til Geiranger for å drive "Union". Dei vart besteforeldre til Marit og Karl. Så følgjer ulike kapittel om alt frå utviklinga av turismen, den gamle handelsvegen og nye ferdslevegar, ei oversikt over hotellmiljøet i bygda, utviklinga frå hesteskyss til automobil - og etter kvart eigne bilruter.
Vidare fortel hovudforfattar Marit om hennar (og Karl) sitt noko utypiske liv som hotellborn. Dei fortel om sin eigen oppvekst, om bygdelivet, minner frå den andre verdskrigen - og mykje, mykje meir.
Det er att i privat eige om lag 20 ubrukte eks. av boka "Geiranger, Norway - Ei god historie". Vi ønskjer at privatpersonar skal få glede av boka, og sel ho no difor ut på denne måten - til ein godt rabattert pris!
Frakt kjem i tillegg til prisen. Ta kontakt for avtale om sending. Boka kan også hentast i nærleiken av Lillestrøm etter nærare avtale.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 22.1.2026 kl. 08:44 ・ FINN-kode: 374177614


