Bildegalleri
AEBI AM80 med kort kardangvogn (4x4) og slåttebjelke
Til salgs
15 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Må fikses - Noen mangler/ødelagte deler
AEBI AM80 med kort kardangvogn (4x4), m/ 2 hjulvekter og slåttebjelke selges
Eg kjøpte traktoren for ca 10 år sidan med tanke på framføring av ved frå skogen. Diverre har den vorte alt for lite brukt, så no selger eg videre til nokon andre som vil prøve seg.
Traktoren startar og går, men etter eit langt liv har den sjølvsagt sine skavankar og fortjener ei kyndig hand for å komme tilbake til fordums prakt. Selges dermed "som den er" som et reparasjonsobjekt uten noen former for angre-, reklamasjonsretter eller garantier.
Eg er ingen fagmann på området så eg kan ikkje sei noko veldig bastant om tilstanden. Likevel trur eg ikkje at det er nokon alvorlege feil. Her er ei liste med kjende feil:
- Rust her og der og alle veier
- Diverse deformerte bøylar, beslag og deksel
- Bensintanken har også fått seg ein "trøkk" så den har gode "innbulkar" både på over- og undersida
- Diverse "nødreparasjoner" med tau som t.d. feste av "panseret" og kassen på vogna
- "Stopp-knapp" har ikkje vore der i mitt eie, men det funkar fint å nappe av plugghetta...
- Bensinslangen manglar nokre slangeklemmer og skulle sikkert vore bytta, saman med bensinfilteret
- Eg anar ikkje noko om status på det elektriske anlegget, men ser nokre ledningar der minst ein har brudd.
- Eg synes å hugse at det var ein viss bremseeffekt sist eg køyrde den, men her er det nok sikkert også potensiale for forbetring
Ellers veit eg, både av "rykte" og eigen erfaring, at desse maskinene har ein lei tendens til å "dobbelgire", altså at den på eit vis står i to gir samtidig. Då må ein opne loket på girkassen for å "lirke" det eine tannhjulet ut i fri at med eit grovt skrujern for å få den i drift. Dette har skjedd ein gong for meg. Men det er grov og oversiktlig mekanikk så det er nok noko den toler greit, sjølv om det sikkert ikkje er direkte positivt. Her kan det hende det finnes "triks" eg ikkje kjenner for å unngå at det skjer eller for å løyse det på ein enklere måte om det skjer.
Om traktoren blir liggande lenge og nokon berre ynskjer slåttebjelken med kraftutakskoblinga, dekselet og "vingene" så kan eg nok etter kvart selge den separat for bud over 5000,-
Men eg har ikkje noko hastverk med å bli kvitt traktoren, så bud under 15' for er førebels ikkje aktuelt.
Eg har ein liten videosnutt av traktoren med motoren i gang, men eg fekk ikkje lasta denne opp i annonsa. Denne kan sendast på forespørsel.
Traktoren befinner seg i Bømlo kommune, men ikkje akkurat på Mosterhamn, det er heimeadressa min. Traktoren må sjølvsagt hentast av kjøpar.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 24.1.2026 kl. 09:23 ・ FINN-kode: 358897020































