Medarbeidar psykisk helse og rus

Arbeidsgiver
Hareid kommune, Helse og koordinerande eining
Stillingstittel
Medarbeidar psykisk helse og rus
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du interessert i å arbeide med psykisk helse og rus i kommunen? Har du høgskuleutdanning eller eventuelt anna relevant utdanning og erfaring innan dette feltet? Då kan du vere den vi leitar etter.


Vi søkjer ein engasjert og dyktig medarbeidar til eit vikariat i tenesta for psykisk helse og rus. Det er 100 prosent vikariat ut 2025 med høve til forlenging i heile eller delar av stillinga. Tenesta er ein del av helse- og koordinerande eining i sektor for velferd. Vi held til i ein eigen fløy i same bygg som sjukeheimen. Her er det kontor, samtalerom og dagsenter. Du vil også ha oppgåver ute og heime hjå brukarar.

Vi er eit tverrfagleg team med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og barnevernspedagogar. Vi arbeidar for å skape gode og berekraftige helsetenester for brukarane våre.

Arbeidsoppgåver

Som arbeidar i tenesta vil du ha desse arbeidsoppgåvene:

  • miljøterapeutisk arbeid på individ- og gruppenivå
  • ha støttesamtalar og rettleiing
  • samarbeide med andre fagfolk i kommunen og utanfor
  • vere med på lågterskelarbeid som til dømes dagsenter og «opa dør»
  • rapportere og dokumentere arbeidet ditt
  • delta i utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

For å søke på stillinga ønsker vi at du har desse kvalifikasjonane:

  • minimum 3-årig høgskuleutdanning innan til dømes sosialt arbeid, sjukepleie, vernepleie, sosionomfag eller barnevern
  • vi opnar også for at andre med relevant utdanning og kompetanse kan søkje
  • helst vidareutdanning innan psykisk helse og/ eller rus.
  • gjerne relevant erfaring

Du bør ha førarkort klasse B og du må ha kunne framvise politiattest om du får tilbod om stillinga

Personlege eigenskapar

Vi ønsker at du har desse personlege eigenskapane:

  • du er imøtekomande og positiv
  • du bygger gode relasjonar og skapar tillit
  • du taklar krevjande og utfordrande situasjonar
  • du arbeider både sjølvstendig og i team
  • du er initiativrik og løysingsorientert
  • du har gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg
  • du er personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg:

  • eit godt arbeidsmiljø med fagleg og sosial støtte
  • varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • løn i samsvar med tariffavtale

Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Løn etter nærare avtale. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Webcruiter. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkarliste vert utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngje dette I Webcruiter. Du vil bli varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge

Kontaktinformasjon

Kari-Janne Ljones Kulø, Einingsleiar, +47 99435473

Arbeidsstad

Hjellebakken 10

6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune



Referansenr.: 4804536381

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 02.09.2024

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Hjellebakken 10, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
350161409
Sist endret
29. apr. 2024 07:44