Lærarstilling på Lye skule
- Arbeidsgiver
- Time kommune
- Stillingstittel
- Lærarstilling på Lye skule
- Frist
- 18.05.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Lye skule har frå 01.08.2024 behov for fleire lærarar med på laget. Me søkar deg som vil vera med på ein spennande arbeidskvardag, og vera med på utvikling av Timeskulen framover. Fokuset i alt me gjer er: Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for den enkelte eleven?
Lye skule er ein 1-7 skule som ligg på Lyefjell, ca 5 km frå Bryne. Det er ca 300 elevar og 40 tilsette på skulen. I tilknytning til skulen er ein eigen idrettshall som er aktivt i bruk på dag og kveldstid. Lye skule har eit flott nærmiljø som er godt tilrettelagt for tur og uteskule. Lye skule arbeider for eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane og er sertifisert Olweusskule. Skulen har eit godt og stabilt arbeidsmiljø med faglege, engasjerte og dyktige tilsette.
Visjonen til Lye skule er "Lye skule er ein god stad å vera og ein god stad å læra". Me er opptekne av å sikra eit godt læringsmiljø der den enkelte elev vert teken på alvor og sett kvar dag. Me har tru på at god læring og trivsel skaper inkludering og at me lærar beste i fellesskap med andre.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undervisning, og vurdere elevane si læring både fagleg og sosialt i tråd med LK20
- Ha ein inkluderande praksis som er tilrettelagt for alle elevar
- Arbeide i profesjonsfellesskapet, som blant anna inneber trinnsamarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid med meir
- Delta aktivt og engasjert i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid saman med kollegaer
- Samarbeide med andre faginstanser når dette er aktuelt
- Bidra til eit godt skule - heim samarbeid
Kvalifikasjonar
- Allmennlærar, GLU 1-7 eller GLU 5-10. Andre søkarar med pedagogisk utdanning vil og bli vurdert, så lenge utdanninga er i tråd med krav i opplæringslov og forskrift til opplæringslov.
- God digital kompetanse , alle tilsette og elevar nyttar læringsbrett i sitt daglege arbeid
- God på samarbeid, og kan spela på lag med andre
- Ser og møter den enkelte elev der hen er, god på relasjonsbygging
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Eit kollegium som jobbar etter visjonen "Lye skule, ein god plass å vera, ein god plass å læra".
- Eit kollegium som spelar på lag, og gjer kvarandre gode.
- Eit kollegium med god trivsel og godt humør.
- Eit kollegium som held seg fagleg oppdatert.
- Lønn etter tariff/avtale
- Gode pensjonsordningar
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Aktuelle søkarar blir kontakta og intervjua fortløpande.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Kvartsvegen 5, 4347 Lye
- Bransje
- Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
lærar, lærer, lektor, barneskule, grunnskule
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Sigrid Hinnaland Kjetland
- Stillingstittel
- Rektor
- Telefon
- 99 04 69 33
Kvartsvegen 5, 4347 Lye