Inaktiv

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
08.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Bore ungdomsskule søkjer ein person med gode leiaregenskapar som er ein god realsjonsbyggar, og som trives i ein hektisk kvardag saman med elevar, foreldre og ansatte

Bore ungdomsskule er ein skule som ligg i Verdalen i Klepp kommune. Til hausten har vi ca 240 elevar fordelt på 8.-10. trinn. I tillegg flyttar språkstasjonen inn på skulen med ca 20 elevar.

Satsningsområda til skulen dette skuleåret er arbeid kring Kleppmodellen, og eit godt og trygt læringsmiljø.

Me nyttar læringsbrett som verktøy i opplæringa.

Skulen si leiing vil frå hausten bestå av rektor og 3 avdelingsleiarar.

Stillinga som avdelingsleiar vil vere knytt opp mot eit trinn, og er delt mellom leiing og undervisning. Oppgåver i undervisningsdelen vil bli fastsett i samarbeid med den nye avdelingsleiaren


Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for dagleg drift, resultatoppfølging, personaloppfølging og pedagogisk utviklingsarbeid saman med leiargruppa. Arbeid med ressursfordeling, timeplanarbeid og vikarteneste er viktige dirftsoppgåver gjennom heile året.

Arbeidsoppgåver elles blir fordelt etter kompetanse, erfaring og behov, og kan til dømes vere ovargangsarbeid, spesialpedagogikk, tidleg innsats og vanleg undervisning.

Som avdelingsleiar:

  • følgjer du opp personal og elevar på eit trinn
  • bidreg du i elevsaker saman med eleven sjølv, lærarane og føresette
  • tilrettelegg du for pedagogisk utviklingsarbeid og deltek i det profesjonsfaglege læringsfellesskapet
  • tek du aktivt del i skulen si leiargruppe
  • ivaretek du eit godt samarbeid med føresette
  • bidreg du til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
  • samarbeidar du godt og systematisk med ulike instansar i kommunen

Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga etter nærare avtale med rektor, utifrå skulen sitt samla behov og kompetanse hos den som blir tilsett. Ein moglegheit kan vere å ha ansvar for den nyinnflytta språkstasjonen.

Kvalifikasjonar

  • Du har formell undervisningskompetanse for, og erfaring frå ungdomsskulen
  • Det er ønskeleg med kompetanse i spesial-/sosialpedagogikk og/eller norsk 2
  • Du har god forståing og kjennskap til læreplanverket, og har tankar om korleis du som leiar kan bidra til pedagogisk utvikling
  • Du har kjennskap til gjeldande lovar og avtaleverk
  • Du har god relasjonskompetanse
  • Du har kompetanse og erfaring i bruk av digitale læringsverktøy
  • Du har innsikt og forståing for administrative oppgåver
  • Skuleleiarutdanning og leiarerfaring vil bli lagt vekt på, eller ønske om å ta dette

I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ein føresetnad for tilsetting. Den må leggjast fram snarast etter eventuelt tilbod om tilsetting, og før tiltredning i stillinga.

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • Du er tydeleg og raus med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har evne og lyst til å engasjera og skapa gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette
  • Du har godt humør og evne til å arbeide strukturert og målretta
  • Du er positiv, fleksibel og open for nytenking
  • Du er robust og tåler å stå i utfordrande situasjonar
  • Du kan lytte, kommunisere og inspirere
  • Du er ein dyktig klasseleiar
  • Du har interesse for, og ønske om, å delta i endringsprosessar

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ein spanande, krevande og viktig jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Tett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og Jærskulen
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysning, gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar

Om arbeidsgiveren

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er "Med blikk for alle".  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Sektor
Offentlig
Sted
Verdalsvegen 35, 4351 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør,
Undervisning og pedagogikk
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Harald Tolo
Stillingstittel
rektor
Telefon
95 22 43 74
Følg firma
244 følger dette firmaet

Verdalsvegen 35, 4351 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 345155347
Sist endret 9. apr. 2024 00:00

Rapporter annonse