Utløpt

Er du rådsnar og sjølvstendig?

Arbeidsgiver
NAV
Stillingstittel
Rettleiar
Frist
10.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NAV
I NAV Kontaktsenter Vestland har vi fleire ledige faste rettleiarstillingar. Vi søkjer etter personar som er sjølvstendige og rådsnare, og som stoler på eigne avgjersler. Ei av våre viktigaste oppgåver er å sikre at folk som kontaktar NAV får den bistanden dei treng, og vårt mål er å stadig skape betre brukarmøter.

NAV Kontaktsenter er eit av Noregs største og mest avanserte kontaktsenter som handterar ca. 5,4 millionar brukarhenvendingar kvart år. Vi er NAVs faglege førsteline på telefon, chat, digitale kanalar og sosiale medium. NAV Kontaktsenter består av 1000 medarbeidarar fordelt på fleire lokasjonar i heile landet.

NAV Kontaktsenter er i endring og omstilling. Du må difor rekne med endring i arbeids- og ansvarsområde.

Arbeidsoppgåver

  • informere og rettleie folk hovudsakeleg på telefon eller i skriftlege kanalar om moglegheiter innanfor NAV sitt tenesteområde
  • rettleie i bruk av sjølvbetjeningsløysingar
  • rettleie om arbeidsmarknaden med mål om å få fleire i jobb
  • leie samtalen, lytte, avklare, syne til relevant og rett informasjon, skrive referat

    For å få betre innsikt i arbeidsoppgåvene, sjå filmen om korleis det er å jobbe som rettleiar i NAV Kontaktsenter: https://vimeo.com/722838212

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • minimum tre-årig utdanning frå høgskule eller universitet
  • engasjement for NAV sitt samfunnsoppdrag
  • svært gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk
  • digital kompetanse og evne til å rettleie brukarar i sjølvbetjeningsløysingar

Personlege eigenskapar

Me ønskjer at du:

  • er rådsnar og sjølvstendig
  • har evne til å vera 100% til stades kvar dag i kvart brukarmøte
  • har emosjonell styrke til å møta brukarar som er i krevjande livssituasjonar
  • liker å jobba i ein planlagd kvardag med føreseielege rutinar og prosedyrar

Vi tilbyr

  • utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø
  • ein arbeidsstad som heile tida utviklar seg til det beste for brukarar og samfunn
  • stilling som førstekonsulent (kode 1408) eller rådgjevar (kode 1434 ) med lønsspenn frå kr 524 700 - kr 594 500 (lønstrinn 53-61)
  • moglegheit for hybrid arbeidskvardag innanfor våre retningsliner
  • god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løn trekk vi 2 %)

Om arbeidsgiveren

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  



NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.



Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.


Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 


NAVstilling

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Rådgivning,
Sosionom
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

NAV, Samfunnsoppdrag, Rådgiver, Veilede, Humanistiske fag

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helen Eidsvåg
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
41 42 12 13
Kontaktperson
Bente Brathagen
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
40 04 13 86
Følg firma
4608 følger dette firmaet

C. Sundts gate 29, 5004 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 345127034
Sist endret 21. mar. 2024 21:12

Rapporter annonse