Inaktiv

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Orstad naturbarnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar med oppstart 05.08.24

Vi søkjer deg som likar å vere ute i naturen og ser på naturen som ein fantastisk plass å leike, lære og oppdage.

Du er leiken og opptatt av den gode relasjonen til barna, og vil jobbe for eit trygt og godt barnehagemiljø.

Orstad naturbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Orstad i Klepp kommune. Vi er ein naturbarnehage med naturen i fokus. Vi vil gje borna gode opplevingar gjennom leik og læring i naturen.

Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på å være ein lærande organisasjon. Pedagogisk leiar er ein del av av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte meo sertifisert barnehage. Marte Meo er ein utviklingstøttande pedagogikk som vert brukt i veiledning av personale for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barna.

Arbeidsoppgåver

  • hovudansvar for å leie og organisere det pedagogiske arbeidet i fht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehageloven sitt formål og rammeplan
  • samarbeida godt med andre, dela kunnskap, erfaringar og informasjon. Støtta og utfordra andre for å nå teamet sitt mål
  • veilede personalet på si avdeling og ha hovedansvar for godt personalarbeid på avdelinga
  • kommunisere på ein klar, presis og strukturert måte
  • vere ein autoritativ leiar. Skapa ei god atmosfære, støtta, utfordra og oppmuntra teamet
  • ansvar for målsetting og resultat, og sjå ei heilhetleg utvikling av det faglige miljøet i barnehagen
  • sensitivitet overfor enkeltbarn og barnegruppa
  • vere ein god rollemodell for dei andre tilsette på di avdeling og i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • godkjend barnehagelærarutdanning. For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge kreves det godkjenning for utdanningen fra utdanningsdirektoratet (NOKUT)
  • søkarar må tilfredstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel IV -personal
  • godkjend politiattest må foreliggje før tiltredelse

For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehageloven §27 og §28

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • du har interesse for og ønske om å arbeide for barns beste
  • du har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute
  • du er positiv, og vil vere med på å skapa/oppretthalde eit godt arbeidsmiljø
  • du er engasjert, løysingsorientert, målbevisst og framtidsretta
  • du er god til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • du har et bevisst forhold til til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt lederteam
  • du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel
  • du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
  • du har evne til å motivere kollegaer

Vi tilbyr

  • eit sterkt fagleg fellesskap og eit godt arbeidsmiljø
  • lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
  • eigen lønnstige for ped.leiar med relevant vidareutdanning 60 stp
  • ulike velferdsordningar
  • gode forsikringsordningar
  • nyutdanna barnehagelærar vi få tilbud om veiledning for nytilsette.

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar

Om arbeidsgiveren

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er "Med blikk for alle".  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Sektor
Offentlig
Sted
Skogvegen 16, 4353 Klepp stasjon
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer,
Barnehage / Pedagogisk leder,
Undervisning og pedagogikk / Førskolelærer
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elin Solheim Pedersen
Stillingstittel
Styrar
Telefon
45 03 73 17
Følg firma
244 følger dette firmaet

Skogvegen 16, 4353 Klepp stasjon

Annonseinformasjon

FINN-kode 345044240
Sist endret 8. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse