Inaktiv

Er du vår nye styrar?

Arbeidsgiver
Hå kommune
Stillingstittel
Styrar Trekløveren barnehage
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Trekløveren barnehage er ein 3 avdelingsbarnehage, med for tida 46 barn. Barnehagen ligg sentrumsnært på Varhaug. Det er kort veg til togstasjon, bibliotek, idrettsanlegg og skule.

Trekløveren barnehage har fokus på leiken sin eigenverdi, systematisk arbeid med språk og at born og vaksne opplever tryggleik, tid og trivsel kvar dag. Barnehagen har tilsette som er trygge og til stades, er opptekne av relasjonar og verdset samspel med barna. Personale er stabilt og har god fagleg kompetanse.

Trekløveren barnehage er ein av 14 kommunale barnehagar. Som styrar vil du leie arbeidet med å utvikle Trekløveren barnehage, og delta i kommunen sitt utviklingsarbeid. Du blir ein del av ei engasjert, kompetent og utviklingsretta styrargruppe.


Me ønskjer ein leiar som

o har stø kurs og er utviklingsorientert

o kan leie medarbeidarar

o er innstilt på samarbeid

o har evne til å arbeide sjølvstendig

o har gjennomføringsevne

o bidreg til at barnehagen er ein lærande organisasjon

o trivast saman med barn og føresette

o er fleksibel og har godt humør

o bidreg i styrarkollegiet


Kvalifikasjonar

o godkjent pedagogisk utdanning

o erfaring frå barnehage

o ønskjeleg med leiar- og/eller anna relevant etterutdanning

o ønskjeleg med leiarerfaring


Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.


Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.


Politiattest

Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.


Tilsetjingsvilkår

Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Om arbeidsgiveren

Hå kommunes administrasjonssenter ligger på Varhaug, ca. 40 minutter med tog fra Stavanger. Kommunen har 19 600 innbyggere, velfungerende skoledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbud og levekår. I tillegg til et rikt og variert kultur- og idrettstilbud finner man flotte tur- og friluftsområder. Hå kommunes visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønsker oss medarbeidere som kan identifisere seg med vår visjon og våre verdier!

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rannveig Eriksen
Stillingstittel
Barnehagesjef
Mobil
92 89 41 46
Kontaktperson
Kjersti Eeg Aanestad
Stillingstittel
Rådgiver
Mobil
41 27 61 22
Følg firma
202 følger dette firmaet

Rådhusgata 8, 4360 Varhaug

Annonseinformasjon

FINN-kode 344785417
Sist endret 8. apr. 2024 00:04

Rapporter annonse