Utløpt

Lærarstillingar

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Lærarstillingar
Frist
15.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Undheim skule er ein 1.-7. skule som ligg idyllisk til i sentrum av den "Grøna bygdå" Undheim. Her har ein utsikt over det vakre Jærlandskapet og Knudaheio. Skulen vår har 115 elevar og ca. 23 tilsette. Visjonen vår er "Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel" .

Utviklingsområda våre er: lesing og elevmedverknad. Leiinga ved skulen består av rektor, avdelingsleiar og SFO leiar. Undheim skule har eit stort oppgradert uteområde, som byr på mange moglegheiter både i undervising, uteskule og leik. Undheim skule arbeider for eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane og er sertifisert Olweusskule. Skulen har eit godt arbeidsmiljø med faglege, engasjerte og dyktige tilsette.

Grunna tidsfristar vil søknader verta behandla fortløpande etterkvart som dei kjem inn.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undervisning, og vurdere elevane si læring både fageleg og sosialt i tråd med LK20
  • Gje god tilrettelagt opplæring for elevar på ulike faglege nivå
  • Ha ein inkluderande praksis, for å få med alle elevar i fellesskapet i klasse og trinn både fagleg og sosialt
  • Arbeide i profesjonsfellesskapet, som blant anna inneber trinnsamarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid med meir
  • Delta aktivt og engasjert i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid saman med kollegaer
  • Samarbeide med andre faginstanser når dette er aktuelt
  • Bidra til å arbeide for eit godt skule-heim-samarbeid, kor det er skulen som har profesjonsansvaret

Kvalifikasjonar

  • Allmennlærarar/grunnskulelærarar 1.-7. Andre søkarar med pedagogisk utdanning vil og bli vurdert, så lenge utdanninga er i tråd med krav i opplæringslov og forskrift til opplæringslov.
  • Undervisningserfaring frå 1.-7. trinn, men og for andre trinn kan vere aktuelt
  • God digital kompetanse; alle elevar og tilsette nyttar læringsbrett i sitt daglege arbeid
  • God relasjonskompetanse
  • Gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
  • Lønn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Det vert krevd politiattest før oppstart.

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Bjønnholen 10, 4342 Undheim
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

kontaktlærer, timeskulen, undheim, bygdeskole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gerd Rusdal
Stillingstittel
Rektor
Telefon
98 63 53 93
Følg firma
603 følger dette firmaet

Bjønnholen 10, 4342 Undheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 344617772
Sist endret 28. apr. 2024 22:24

Rapporter annonse