Utløpt

Selger

Arbeidsgiver
Ødegård Bunadshandel
Stillingstittel
Selger
Frist
10.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Me søkjer no etter ein selger i 50-100% stilling. Einaste kriteriet me stiller er at du må ha skikkeleg lyst til å utvikle deg sjølv og butikken innan salg. Alt anna kan lærast.

Du vil få ansvar for konkrete områder av den daglege drifta, samt vera butikkens ansikt utad i opningstida. Me stiller ikkje krav til tidlegare salgserfaring eller førehandskunnskap om bunader og saum. Salg er eit fagområde som alle må kunne beherske i større eller mindre grad, både privat og profesjonelt. Me tilbyr ei salgsopplæring som du vil ha nytte av resten av livet.

Ødegård Bunadshandel er ein tradisjonsrik bunadsforhandlar som vart etablert i 1985. Me sel bunader frå heile Noreg med Hallingdal som vårt største og viktigaste markedsområde. Våre tilsette jobbar enten med salg eller saum. Me har i dag to tilsette innan salg og tre tilsette innan saum. Den nytilsette selgeren vil jobbe tett saman med butikksjef og ha fast arbeidsstad i butikken på Ål.

Du må kunne beherske norsk skriftleg og munnleg. Me tilbyr forutsigbar arbeidstid og konkurransemessige vilkår. Tiltreding og stillingsprosent vert avgjort etter nærmare avtale.  

Søknad med CV sendes enten til post(at)bunadshandel.no eller ved å klikke på "Søk her". I søknaden skriv du maks tre grunner om kvifor du er den rette for jobben. Ved spørsmål kan du ringe vår butikksjef Ben Harvey på tlf 458 34 374 eller arbeidande styreleiar Vegard Ødegård på tlf 955 56 000. 

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Torget 2, 3570 Ål
Bransje
Butikk og varehandel,
Tekstil
Stillingsfunksjon
Butikkansatt,
Kundeservice,
Salg
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vegard Ødegård
Følg firma
2 følger dette firmaet

Torget 2, 3570 Ål

Annonseinformasjon

FINN-kode 344480790
Sist endret 28. apr. 2024 10:56

Rapporter annonse