Utløpt

Avdelingsleiar Vardheia ungdomsskule

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
04.04.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me er på leit etter ny avdelingsleiar og ser etter ein som brenn for å skape ein unik skule basert på våre tre fokusområde: praktisk, kreativ og digital. I dette lar me oss inspirera av tankane til Ken Robinson og Mitch Resnick.

Som avdelingsleiar hos oss vil du inngå i ei leiargruppe med to andre avdelingsleiarar og rektor. Me er ei gruppe med brei og lang erfaring som skuleleiarar. Saman med våre tilsette jobbar me knallhardt kvar dag med å skape den beste versjonen av Vardheia for våre elevar. Skulen er så heldig at me får elevar frå to kommunar, Klepp og Time, men organisatorisk høyrer me til i Timeskulen.

Me har ein fantastisk gjeng med engasjerte tilsette, flotte elevar og ein skulebygning utanom det vanlege. Dei tilsette hos oss har solid og brei kompetanse. Arbeidsmiljøet er ungt med mykje energi, humor, engasjement og stor interesse for å skape unike læringsprosessar for våre elevar. Me har eit spesielt fokus på å arbeide tverrfagleg der me anerkjennerer ulike talent og står solid på våre tre bein: det praktiske, det kreativeog det digitale.

Skulen er bygd gjennom samarbeid mellom Klepp og Time kommune og har plass til 450 elevar frå begge kommunane. Første etasje er sett av til dei praktiske faga, bygd etter modell frå vidaregåande skule. Her har me ei velutstyrt tradisjonell kunst- og handverksavdeling, store og velutstyrte verkstadar for metall og mekaniske fag, bygg og trefag og storkjøkken og restaurant. Me er også utstyrt med eit stort skaparverkstad med ulike typar maskinar og produksjonsutstyr med verktøy som også vert brukt i næringslivet. Her kan elevane få utfalda sin kreativitet gjennom arbeidsformer, som mellom anna elevbedrift. Dermed ligg alt til rette for å kunne gje elevane arbeidslivsfag på eit nivå få ungdomsskular har høve til.

Undervisningsromma i andre etasje er organisert fagvis, og dette gjer høve til å tilpassa innreiing og utsmykking til dei enkelte faga sin eigenart.

Sentralt i skulebygget er kantine og sceneområde, læringslab og mediatek. Desse områda er tilgjengelege for elevane gjennom skuledagen og vert brukt aktivt både fagleg og sosialt arbeid. Skulen er skildra godt i Utdanningsnytt - sjålink

Det store oppdraget og målet i oppvekst i Time er at elevane skal fullføra vidaregåande opplæring for vidare utdanning og arbeid. Sjølv om det er eit stykke fram til elevane på Vardheia ungdomsskule skal fullføra vidaregåande opplæring, er kvar dag ein god dag for livet her og nå, og eit grunnlag for at elevane skal lukkast når dei går vidare. Formålet i skulen er danning og utdanning, og dette ansvaret kan ingen bæra åleine.På Vardheia ungdomsskule har me eit tverrfagleg team, "Laget rundt læraren og eleven", som består av spesialpedagogisk koordinator, operativ sosialfagleg ressursperson, helsesjukepleiar og PPT-kontaktperson. Laget samarbeider tett i arbeidet med førebyggande tiltak, og bistår skulen med å løysa utfordringar.

Ein del av læringsarbeidet ved vår skule handlar om å vera med i nettverksgrupper på tvers av kommunane i Jærskulen.


Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar på eit trinn vil du ha ansvar for dagleg drift, resultatoppfølging, personaloppfølging og pedagogisk utviklingsarbeid saman med rektor. Arbeid med ressursfordeling, spesped- og sospedansvarleg er viktige driftsoppgåver gjennom heile året. Arbeidsoppgåver elles blir fordelte etter kompetanse, erfaring og skulen sine behov. Det kan derfor ligga undervisning til stillinga.

Kvalifikasjonar

Stillinga krev at ein har godkjend lærarutdanning for ungdomstrinnet. og minst tre års erfaring frå grunnskulen. Me ser etter ein person som er utviklingsorientert, har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og som har innsikt og forståing for administrative oppgåver, læreplanarbeid og skule- og organisasjonsutvikling.

Vidareutdanning innan skuleleiing, spesped og god IKT kompetanse er ønskeleg.
Om ein manglar vidareutdanning innan skuleleiing er det forventa at ein fullfører denne etter nærmare avtale.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å vera med å bygga vidare opp Vardheia ungdomsskule, der det kreative, det praktiske og det digitale står i fokus.
  • Du vil vera ein del av ei engasjerande leiargruppe og vere leiar for dyktige tilsette med mykje energi, initiativ og eit særs godt og ungt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheiter for personleg utvikling og til å setja ditt preg på skulen
  • Lønn etter avtale
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Gratis parkering og kort avstand til Bryne stasjon.

Me gjer merksam på at søkarlister til stillingar er omfatta av offentleglova. Dersom du ønsker å vera unntatt frå offentleg søkarliste, må du oppgje det i søknadsprosessen med grunngjeving.

Det blir kravd politiattest for tilsetting i stillinga.


Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Nordlysvegen 10, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

timeskulen, jærskulen, vardheia, skoleleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Jåtten
Stillingstittel
Rektor
Følg firma
603 følger dette firmaet

Nordlysvegen 10, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 342955785
Sist endret 16. apr. 2024 21:12

Rapporter annonse