Utløpt

Søker du ein sommar med meining? Søk i vår eining!

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Ferievikarer ved miljøtenesta
Frist
17.05.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Time Kommune

Sommaren nærmar seg å våre gode tilsette skal ta ut ferie.

Også dette året treng me vikarar som ikkje bare vil sjå på serie.

Hvis du penger i boka vil ha, hos oss ein jobb du kan ta.

Ønsker du deg nye utfordringar, erfaringar og lærdom?

Ver med på laget vårt, ja kom, kom, kom!

I miljøtenesta er me ein god gjeng,

med humor, humør og latter i fleng.

I miljøtenesta ønsker me oss engasjerte og nysgjerrige ferievikarer med på laget.


Miljøtenesta består av tre heildøgns omsorgsbustadar (Vardheia, Kringlemyr og Linevegen og Holmebakken) og eit burettslag (Foren) for bebuarar med ulike psykiske og/eller fysiske funksjonsnedsettingar. I fleire av avdelingane arbeidar me dag, kveld og natt, nokon stadar har langvakter.

Kvernaland barne- og avlastning er eit tilbod til pårørande som har særleg tyngande omsorgsoppgåver for barn og ungdom med nedsett funksjon.

Bryne aktivitetssenter er eit dag-aktivitetstilbod til tenestemottakarane våre.


BPA - fleire bpa der brukarane har ulike hjelpebehov.


Ber om at du skriv kva for ein stad du helst ønsker å arbeide, og tidrommet du kan jobba.


Arbeidsoppgåver

Hos oss er ingen dagar like, og me tar utfordringar på strak arm. Som ferievikar får du god opplæring til å kunna gi nødvendig helsehjelp og følgja gjeldande rutinar, og det viktigste av alt - vera med på å gjera dagen best mogleg for tenestemottaker.

Kvalifikasjonar

Først og framst personar med genuin interesse for å jobba med menneske med ulike hjelpebehov og diagnosar.

Om du er sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, student eller assistent så treng me deg på laget.
Erfaring frå arbeid innan helse- og omsorg er ein fordel, men opplæring vert gitt dersom du ikkje har erfaring.

Det er ønskeleg at du har førerkort kl. B.

Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har tilsvarande B2 nivå.

Det er et krav om godkjent politiattest

Du forpliktar deg til å arbeida i heile perioden du oppgjev

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
  • Lønn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Kandidater vert vurderte fortløpande

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
30
Sted
Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Ferievikar, Sommervikarer, Miljøtenesta

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anita Ås
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
90 81 48 21
Kontaktperson
Emilie Øines
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
45 42 28 70
Følg firma
603 følger dette firmaet

Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 341356545
Sist endret 5. apr. 2024 14:24

Rapporter annonse