Bildegalleri
Sequential Prophet Rev2 Desktop 16 Voice Dave Smith med original eske
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen vil bli sendt til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selger.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Brukt
Favorittsynthen til Thom Yorke, James Blake og Rival Consoles vurderes solgt grunna endra behov. Eg har original eske og straumkabel. Du får også med fleire sett patcher frå blant anna J3PO, Revfield m.m.
Dette er ein analog synth med heile 16 stemmer. Den er bi-timbral, og kan også brukes som to separate 8 stemmers synther. Med heile fire LFO'er per stemme og ein modulasjonsmatrise som kan knyte alt opp mot alt kan ein bruke fleire år med synthen og fortsatt oppdage nye sider. Dette er utvilsomt den analoge polysynthen som gir mest for pengene, ingen kjem i nærleiken.
Dersom du tenker at digitalt kontrollerte oscillatorer ikkje låter like organisk som VCO'er, anbefaler eg å sjekke ut dette: https://www.youtube.com/watch?v=m1kzNV_JK60&t=195s. Med denne metoden låter den minst like saftig som Prophet 6 osv, men med så mange fleire lydformingsmoglegheiter. Det er ingen gimmick, det gir synthen heilt nytt liv.
Videre kan synthen settes opp i binaural modus for magisk stereo slik vist her: https://www.youtube.com/watch?v=U8ur13KroFo.
Eg har sjølv testa ut begge deler, og det låter heilt fantastisk. Til slutt anbefaler eg også å sjekke ut denne, som godt viser kor levande lydlandskap ein raskt kan oppnå: https://www.youtube.com/watch?v=bcKdwkfyGBE&t=734s
Synthen er tilnærma strøken, med eit par svake/små merker i lakken slik avbilda. Den har berre stått trygt og rolig på bord i heimestudio. Ein merknad er at den av og til booter opp med OSC1 Freq C# i staden for C, men det forsvinn når ein blar fram og tilbake mellom program, eller sjølvsagt om ein skrur på OSC1 Freq knotten. Eg veit ikkje kvifor det skjer, kan hende det er noko med mitt MIDI-oppsett. Men det oppstår berre av og til, og berre ved oppstart, og det tek under eitt sekund å løyse det med å bla fram og tilbake mellom program, så eg har ikkje hatt behov for å feilsøke. Når synthen først er skrudd på har eg aldri opplevd nokon bugs av noko slag i det heile, og eg ville stolt 100 % på å bruke den i live-setting uten problem.
Ny pris sjå DLX i dag er i overkant av 25 000 kr.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 12.4.2024, 11:33 ・ FINN-kode: 339308842