Ledige stillingar som lærar i Sirdal kommune
Sirdal kommune
- Frist 22.02.2024
- Ansettelsesform Fast
Grunnskulen i Sirdal kommune
Har du lyst til å bli del av eit viktig lag? Eit lag som arbeider med dei viktigaste personane i landet barn og unge? Grunnskulane i Sirdal arbeider målmedvite med å utvikla elevane, og skapa ein god skule som "opnar dører mot verda og framtida" og bidreg til at elevane skal "meistra liva sine".
Kan og ønskjer du å bidra, treng vi deg!
Sirdal kommune gir eit rekrutteringstilskot på nye, faste lærarstillingar i grunnskulen på kr. 70.000, mot to års bindingstid.
Frå 01.08.24 vil det bli ledig faste og/eller mellombels undervisingsstillingar i grunnskulen i Sirdal kommune.
Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad, medan Sinnes skule har om lag 55 elevar og ligg på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge skulane er kombinerte skular med 1. 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring og læringsmiljø. Arbeid med inkludering er ei satsing som er påbegynt og som vil utfordra både tilsette og elevar til vidare utvikling av skulane våre. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulane har god vaksentettleik.
Skulane har flotte og moderne fasilitetar til undervising, både ute og inne, som du kan nytta for å gjera undervisinga di best mogleg. Lærarane har gode arbeidstilhøve, og du får mange gode og engasjerte arbeidskollegaer, og ikkje minst flotte elevar på skulane våre.
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.
Særlege kjenneteikn ved skulane:
Sinnes skule ligg midt i turområdet sommar som vinter, og vi nyttar nærmiljøet aktivt i mange fag, t.d. uteskule og til korte og lengre turar med og utan overnatting. Skulen satsar elles på LeseLOS og internasjonalisert undervising gjennom ASP-net, UNESCO sitt skulenettverk.
Tonstad skule ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- og fotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira. Skulen har eit stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitetar. Symjehallen ligg vegg i vegg med skulen og Tonstad barnehage er næraste nabo. Det er korte avstandar til alt du treng.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer lærarar som oppfyller opplæringslova sine krav om tilsetting og undervisingskompetanse. Skulane ønskjer alle godkjente lærarar som søkjarar, og dei må til saman dekka fagbehovet som skulane har. Skulane treng mellom anna norsk, engelsk, tysk, spansk, spesialpedagogikk, musikk og K&H. Undervisningsspråket er nynorsk og søkjarane må meistra norsk, både skriftleg og munnleg.
Vi søkjer etter deg som er oppteken av relasjonsbygging, både til elevar, føresette og kollegaer og som vektlegg å vera ein trygg vaksenperson. Er du ein lærar som tek initiativ, er positiv og utviklingsorientert, er det alltid plass til deg.
For stillingane gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen. Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune.
Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.
Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til:
rektor ved Tonstad skule Petter M. Røssland, tlf. 971 62 627,
rektor ved Sinnes skule Åse-Berit Fidjeland, tlf. 945 21 258, eller
kommunalsjef oppvekst Elisebeth Åvesland, tlf. 412 14 394
Søknadsfrist: 22. februar 2024
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tonstadveien 28, 4440 Tonstad
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 338122228
- Sist endret