Bildegalleri

Bygg 2 nærmer seg no ferdigstilling. Dei ledige leilegheitene vil vere klar til innflytting i løpet av november.

Tennfjord

4-mannsbustad Haugen Eidsvika

Haugen Eidsvika - Romslege og moderne leilegheiter (BRA-i 86 m²) med nydeleg utsikt og parkeringsplass i carport

Prisantydning fra

3 690 000 kr

Prisantydning til

3 970 000 kr

Totalpris fra

3 704 545 kr

Totalpris til

3 984 545 kr

Kort om prosjektet

På ei solrik tomt på Haugen i Eidsvika er vi godt i gang med bygginga av desse flotte 4-mannsbustadane. Bygg 2 nærmar seg ferdigstilling, og her har vi ledig moderne 3-roms leilegheiter med flott utsikt, stilige detaljar og god plass - perfekt for både unge og godt vaksne.

  • Planlegging

    Ferdig planlagt

  • Salgsstart

    Prosjektet ligg ute for salg

  • Byggestart

    Bygg 2 ferdig hausten -25

  • Overtakelse

    Overtaking etter avtale med kjøpar

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2
Internt bruksareal
86 m² (BRA-i)
Bruksareal
86 m²
Eksternt bruksareal
5 m² (BRA-e)
Balkong/Terrasse
19 m² (TBA)
Eieform
Eier (Selveier)
Energimerking
B

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Hage
Balkong/terrasse
Bredbåndstilknytning
Turterreng
Utsikt
Sentralt
Balansert ventilasjon

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Mellom blå fjord og grøne markar skal det byggast fire bustader med til saman 16 romslege leilegheiter. Det nye bustadområdet Haugen ligg i tilknyting til eit allereie etablert bustadområde i Eidsvika, og har flott utsikt mot nærområdet, fjella og Grytafjorden. Her er det solrikt og landleg, samtidig som det er kort avstand til det meste.

Her får du årstidene i all si prakt rett inn i stua, samtidig som du kan nyte gode dagar i ei lys, moderne og romsleg leilegheit. Store vindauge mot sør gir godt med dagslys inn.

Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, to soverom, entre/gang, bod og bad/vaskerom. Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport og ein parkeringsplass på gardsplass, og ei separat sportsbod i bakkant av carport.

Dei ledige leilegheitene har utgang frå stue til markterrasse. Balkongane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk, og terrassedekket er tett slik at leilegheitene i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel.

Byggearbeidet er ferdig på første bustaden (bygg 1), og her er alle leilegheitene selt. Men vi nærmar oss ferdigstilling av neste bustad (bygg 2), og her har vi to ledige leilegheiter, nr. 1 og 2. Vi er snart i mål med å ferdigstille desse leilegheitene, og prisen på leilegheitene gjeld "klar til innflytting".

Vi er også i gang med bygg 3, og her kan kjøpar velje om ein vil gjere noko av arbeidet som eigeninnsats, eller om vi skal ferdigstille og levere leilegheita klar til innflytting mot avtalt tillegg. Den oppgitte prisen på ledige leilegheiter i bygg 3 gjeld "klar til eigeninnsats".

Plassering

Bustadane har ei sentral plassering samtidig som dei ligg i eit fredeleg og veletablert bustadområde.

Med kort køyretid både til Digerneset (10 min.), Moa (20 min.), Ålesund sentrum via Ellingsøya (25 min.) og Brattvåg (13 min.) er Eidsvika sentralt for dei fleste. Gangavstand til barnehage, Eidet barne- og ungdomsskule, butikkar, idrettsanlegg, Eidet kulturhall, omsorgssenter, legekontor, busstopp m.m. gjer Eidsvika til ein attraktiv stad å bu.

Området er dei seinare åra utbygd med einebustader, småhus og lavblokker, og er ein del av eit lite lokalsamfunn med bustader for folk i alle livsfasar.

Naturen i området er eit eldorado for alle som er glade i å vere ute, her er mellom anna ei badestrand innerst i fjorden, flotte turstiar i nærområdet, og sjøen som næraste nabo.

Beskriving av leveransen

Leilegheit 1 og 2 i bygg 2 vert levert klar til innflytting. Leilegheit 1 og 2 i bygg 3 vert levert klar til eigeninnsats, men kan leverast heilt eller delvis klar for innflytting mot avtalt tillegg. Ta kontakt for informasjon om prisar. Her vil kjøpar sjølv kunne velje standard på overflater på veggar og golv, og om ønskjeleg velje anna kjøkken- og baderomsinnreiing enn den som er med i leveransen.

Følgjande er med i standardleveransen:

  • Kjøkkeninnreiing
  • Baderomsinnreiing
  • Varme i golv på bad og entrè
  • Skyvedørsgarderobe med dører i klart speil i entrè
  • Garderobeskap på soverom
  • Balansert ventilasjon frå Villavent
  • Luftventilert pipe
  • Rør i rør system
  • Frostsikker utekrane
  • Ytterdør type Hovdeby frå Bygg1
  • Platt ved inngangsparti støypt i betong
  • Biloppstillingsplass i carport
  • Sportsbod i bakkant av biloppsplass i carport
  • Asfaltert veg og parkeringsareal

Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit

Det er mange fordelar med å kjøpe ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.

  • Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
  • Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
  • Lave kostnader til vedlikehald
  • Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
  • Tidsriktig og praktisk bustad
  • Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
  • Du slepp hektiske budrundar
  • Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
  • God tid til å førebu flytting
  • Lave kjøpskostnadar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 14 545,- kjem i tillegg

Diverse

Bygg 2 er straks ferdig. Leilegheit 3 og 4 er overlevert til kjøparane, og leilegheit 1 og 2 vert ferdigstilt i løpet av november. Planlagt ferdigstilling av bygg 3 er april -26.
Planlagt oppstart trearbeid på den siste bustaden er januar/februar - 26.

Fiber vert lagt fram til bustadane, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS. Gebyr for tinglysing av skøyte kjem i tillegg med kr 14 585, elles ingen kostnadar i samband med kjøpet.

Bustadane vert bygd etter byggteknisk forskrift (TEK 17).

For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode333451785
Sist endret31. okt. 2025 14:41

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.