Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Voss
Fristen er utløpt

Vi søkjer driftsansvarleg i Voss hang- og Paragliderklubb

Voss Hang Og Paraglider Klubb

  • Frist 1.1.2024

Me søkjer ein motivert og dyktig person til å fylle stillinga som driftsansvarleg. Hensikta er å skape eit solid team med brei kompetanse, som skal drive og utvikle klubben vidare på ein berekraftig måte. Arbeidsoppgåvene består i hovudsak av å koordinere aktivitet, arrangement og flyging for klubbens medlemmar. Driftsansvarleg administrera kurs og tandemaktivitet. Som ein del av dette er å utarbeide og oppdatere instruksar og prosedyrar for drift og tryggleik. Samt oppfølging og bruk av ulike digitale verktøy og sosiale medium. Ei viktig overordna oppgåve er å bidra til å utvikle, og gjennomføre strategiar for å fremje klubbens mål og visjon. Arbeidsoppgåver vert fordelt internt ut frå kompetanse, og personlege eigenskapar og engasjement for klubbutvikling vert vektlagd.


Ønskte eigenskapar og kvalifikasjonar:


  • Du er oppteken av å trivast i eit ope og inkluderande miljø, og har gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Arbeider godt sjølvstendig og i team, og har evne til å utøve delegerande leiarskap.
  • Relevant erfaring innan administrasjon frå liknande organisasjon.
  • IT-kompetanse, erfaring med webutvikling eller marknadsføring er positivt.
  • Kunnskap om budsjettplanlegging og økonomistyring.
  • Erfaring frå sporten er ein fordel.
  • Kompetansebevis instruktør eller tandempilot er ønska, men ikkje ei nødvendigheit.

Me tilbyr:


Ei spennande og utfordrande stilling i eit miljø prega av lidenskap for speedgliding, paragliding og ekstremsport, kor ein har moglegheit til å vidareutvikle klubben. Her er rom for å utforme ei stilling tilpassa eigne kvalifikasjonar i eit dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø. Det er varierte arbeidsdagar i kontorfellesskap og utandørs.


Størrelse på stilling etter avtale, med konkurransedyktige vilkår i tråd med kvalifikasjonar og erfaring. Her er moglegheit for utvida stillingsstorleik om ein fungerer som instruktør og/eller tandempilot. Næraste overordna for stillinga er dagleg leiar. Stillinga er prega av sesongvariasjonar, med variert og ubeleileg arbeidstid i sesong.


Voss Hang og Paragliderklubb er oppteken av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn.


Send søknad og CV på mail, merka "Søknad Driftsansvarleg".

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Flyplassvegen 135, 5705 Voss

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 331792837
  • Sist endret 8.12.2023, 08:05
Rapporter annonse