Utløpt

Ålesund brannvesen KF

Arbeidsgiver
Ålesund brannvensen KF
Stillingstittel
Brigadesjef
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Er du klar til å leie våre heltar i frontlinja? Ålesund brannvesen søker ein motivert og målretta brigadesjef som kan ta styringa over den operative delen av vårt brann- og redningsvesen. I hjarte av Ålesund, der fjord møter fjell, er vi stolte av å tilby eit trygt og godt miljø for våre innbyggjarar og besøkande. Som brigadesjef vil du spele ein nøkkelrolle i å oppretthalde denne tryggleiken, ved å leie eit team av dedikerte og dyktige brannkonstablar i arbeidet med å beskytte og tene vårt fellesskap.

Vi ser etter ein leiar som ikkje berre styrer, men inspirerer. Ein person som ikkje berre følgjer protokollar, men som også tenkjer kreativt for å takle utfordringane vi møter i vår stadig skiftande verden. I rolla som brigadesjef vil du vere ansvarleg for å sikre effektivitet og høg standard på vår beredskap.

Er du klar til å ta utfordringa? Bli med oss i Ålesund brannvesen, og vær med å forme framtida for brann- og redningstenestene i ein av Norges vakraste byar. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Hjelpe avdelingsleiar og innsatsleiar med administrative oppgåver.
  • Vere stedfortredar for leiar beredskap.
  • Sørge for planlegging av turnus.
  • Bidra til implementering av nye prosedyrar og rutinar.
  • Bidra til god økonomistyring.
  • Sikre at brann- og redningstenesta arbeider i samsvar med lovverket og styrande dokument.

Kvalifikasjonar

  • Relevant bachelor- eller mastergrad frå høgskule eller universitet.
  • Lang erfaring med gode resultat frå tilsvarande stillingar kan kompensere for manglande formalkompetanse.
  • Utdanning i samsvar med krava i forskrifta for brann- og redningstenesta § 42.
  • Om du ikkje har utdanning etter krava, vil dette vere eit krav over tid.
  • Kjennskap til lov- og avtaleverk knytt til fagområdet.
  • Erfaring med dokumentasjonsarbeid, rapportering og analyse vil vere ein fordel.
  • God IT-kompetanse.
  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Ved behov kunne sikkerheitsklarerast for 110-sentralen etter gjeldande krav.
  • Førarkort klasse B

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kurs i overordna vaktberedskap og innsatsleiing.
  • Kurs i brannførebygging.
  • Utrykkingssertifikat kode 160.

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, systematisk og sjølvstendig.
  • Høg gjennomføringsevne og arbeidskapasitet.
  • Gode kommunikasjonsevne.
  • Kontaktskapande, løysingsorientert og med god evne til å samarbeide på tvers av fagområde.
  • Likar å bruke digitale verktøy i kvardagen.
  • Har godt humør og er initiativrik.
  • Personleg eignaheit og eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Ein krevjande, spanande og samfunnsnyttig jobb.
  • Fleksitid.
  • Eit sterkt fagmiljø.
  • Triveleg arbeidsmiljø og kollegaer med høg yrkesstoltheit.
  • Høve til å påverke bedriftskulturen positivt gjennom din faglege og personlege kompetanse.
  • Ein framoverlent organisasjon.
  • Løn etter avtale.
  • Politiattest må leggast fram ved tilbod om stilling.

Om arbeidsgiveren

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er "nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet".

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Sjømannsvegen 1B, 6008 Ålesund
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Politi og sikkerhet,
Annet
Stillingsfunksjon
Brannvern,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Rasdal
Stillingstittel
Leiar beredskap
Mobil
91 87 14 36
Følg firma
112 følger dette firmaet

Sjømannsvegen 1B, 6008 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 316671742
Sist endret 15. apr. 2024 14:16

Rapporter annonse