Bildegalleri
Fairlight Secan, 56T
Til salgs
22 000 kr
Beskrivelse av varen
Sykkeltype: Cyclocross/gravel
Tilstand: Brukt
Oppdatering: Flaskehaldarar i titan og minipumpe kan følgja med. Eg sender også med ei lita seteveske (eller liknande; har fleire alternativ) med superlett reserveslange.
Fairlight Secan er ei av dei flottaste stålrammene til grusbanking, bikepacking og blandevegssykling. Reynolds 853-røyr og utruleg gjennomtenkt konstruksjon. Eignar seg til alt frå raske treningsturar til langtur med bagasje. Kan brukast med både 700- og 650-hjul. Eg har prøvd begge delar og synest det siste fungerer best.
Eg har hatt denne sykkelen sidan hausten 2018, men han er relativt lite brukt. Eg budde i England ein periode, og da vart han berre ståande her i gamlelandet. Til og frå jobb har eg stort sett brukt ein annan sykkel. Eg vil seia at sykkelen er i svært god stand. Dersom du bur i nærleiken av Trondheim, kan vi ta ein meir detaljert gjennomgang.
Dette er den første versjonen av Secan, som vart sveisa i Europa (Tsjekkia). No blir desse rammene laga på Taiwan – utan at eg eigentleg trur at det betyr så mykje til eller frå. I praksis er det berre gaffelen som er skilnaden på denne og den nye modellen. Her er det ikkje feste til triple cage. Storleiken er 56T, som passar perfekt til meg på 179 cm.
Utstyr kan diskuterast, men det som følgjer med, er i utgangspunktet dette:
– Mavic Allroad SL i 650b
– Schwalbe Thunder Burt 2,1 "
– Ritchey Venturemax WCS styre (44 cm)
– FSA styreframspring
– FSA setepinne i karbon
– Fizik Antares med karbonskinner
– Shimano Ultegra RX gir og bremser
– Sugino OX901 krank (superkompakt, 170 mm, 44/30, sjå kommentar under)
– Hope styrelager og setepinneklemme i deilig og matchande lilla; avstandsringar over styrelager i titan
– skjermar frå SKS
NB!
– Det er ein bitteliten skade på den eine tanna på eit av tannhjula bak. Fungerer stort sett fint, men kliss ny kassett av same type (Ultegra 11–34) kan følgja med.
– Kranken er ganske så spesiell. Kompatibel med Shimano-kranklager, men her har du ekstrem fleksibilitet i utveksling. Ytterdrevet har vanleg BCD på 110 mm, mens innerdrevet er montert på 74 mm. Det betyr at du kan gå heilt ned til 26 tenner på innerdrevet. Kanskje lågare. Eg er ikkje sikker. Eg har diverse ubrukte drev som følgjer med. Her har du drivverk i mange år framover.
Eg vil helst gjera handel her i Trondheim.
24 000 med Suomi Routa piggdekk, ny Ultegra-kassett og ny kjede; 22 000 utan. Dreva er såpass unike og spesielt innkjøpte til akkurat denne kranken at dei uansett følgjer med.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 18.5.2023 kl. 11:46 ・ FINN-kode: 299398241












