Fagavdelingsleiar for lydavdelinga
Det Norske Teatret
- Frist 9.8.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli fagavdelingsleiar for lydavdelinga på landets største teater?
Det er ledig ei fast stilling som
fagavdelingsleiar for lydavdelinga
Har du solid lydteknisk bakgrunn, eit blikk for teater og øyre for god lyd? Har du gode leiareigenskapar og vil utvikle deg som personalleiar? Då kan jobben som fagavdelingsleiar for lydavdelinga vere noko for deg. I stillinga vil du ha det overordna faglege ansvaret for lydområdet, og du vil vere ein viktig ressurs i produksjonsprosessane på teateret. Som personalleiar skal du bidra til å sikre eit godt arbeidsmiljø og god ressursutnytting i avdelinga.
Kompetanse
- høgare utdanning og/eller relevant erfaring innanfor lydfeltet
- erfaring med Q-lab
- god kjennskap til trådlause system
- erfaring med ein eller fleire DAW
- god datakunnskap, systemforståing og kjennskap til nettverk
- erfaring frå innspeling og redigering av lyd er ein fordel
- erfaring frå teaterbransjen er ein fordel
- erfaring frå personalleiing, arbeidsleiing, økonomistyring eller prosjektleiing er ein fordel
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og god på teambygging
- strukturert, god på overordna planlegging og til å sjå konsekvensar
- sjølvstendig og løysingsorientert
- interesse for kontinuerleg å vidareutvikle gode arbeidsprosessar
- interesse for ny teknologi
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø i utvikling
- stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
- god kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
- gunstig ferieordning
Arbeidstida er 37,5 timar i veka, hovudsakleg på dagtid i vekedagane, men du må rekne med noko arbeid på kveld og i helg.
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår, til å søkje.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Foto, lyd og lys, Kvalitetssikring, Prosjektledelse
Nøkkelord
lydteknikker, personalleder, teater, lyd
Frå musikalen Into the Woods
Annonseinformasjon
- FINN-kode 295850936
- Sist endret
