Bildegalleri

Moderne og tidsriktig 2-mannsbustad med stor terrasse og gode uteareal.

Inaktiv
Eidsvika

2-mannsb. Eidsvikstranda - Tennfjord

Eidsvika - Nydeleg leilegheit med stor terrasse og panoramautsikt mot fjord og fjell

Prisantydning

Solgt

Totalpris

Solgt

Kort om prosjektet

Dette er ein unik sjanse til å sikre seg ein fantasktisk bustad i eit av dei mest idylliske og populære områda i regionen. Denne moderne og stilfulle 5-roms leilegheita kombinerer gjennomtenkt design med ei spektakulær plassering.

  • Planlegging

    Bygg 1 ferdig, 2 og 3 under oppføring

  • Salgsstart

    Prosjektet ligg ute for salg

  • Byggestart

    Er under bygging

  • Overtakelse

    Etter avtale med kjøper

Nøkkelinfo

Eieform
Eier (Selveier)
Energimerking
B

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Gjesteparkering
Garasje/P-plass
Hage
Peis/ildsted
Balkong/terrasse
Turterreng
Bredbåndstilknytning
Utsikt
Sentralt
Balansert ventilasjon

Enheter i prosjektet

EnhetBRASoveromTotalpris

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse


Dette er siste moglegheit til å bli ein del av dette flotte bustadprosjektet i eit rolig og idyllisk område i Eidsvika. Bustaden ligg i eit populært bustadområde med tilkomst via eit etablert bustadfelt. Den ledige leilegheita ligg på ei endetomt som vender mot leikeplass og friområde, noko som gir ekstra privatliv.

Her får du årstidene i all si prakt rett inn i stua, samtidig som du kan nyte gode dagar i ei lys, moderne og romsleg leilegheit. Store vindauge mot sør slik at utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue.
Bustaden har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Arkitekten har valgt å framheve det moderne uttrykket ved å bruke forskjellige materialar. Skiftet mellom bordkledning og fasadeplater er med på å skape liv i fasadane, og detaljar rundt vindauge, dører og inngangsparti gjer bustaden ekstra attraktiv.

Leilegheita har gode uteareal med stor terrasse over carport, og grøntareal på sida av bustaden og mot sør. Leilegheita har eiga innkøyring frå nordsida, og sin private parkeringsplass i tillegg til parkeringsplass i carport. Veg og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.

God planløysing der stue og kjøkken er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Utgang både frå stue og kjøkken til stor takterrasse som ligg over carport/sportsbod.

Leilegheita har bad i begge etasjar, eit soverom oppe, to nede og ei kjellerstue. Separat vaskerom i 1. etasje, og stor sportsbod i bakkant av carporten. Med soverom og bad i begge etasjar har bustaden ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdommar i hus.

I tillegg til dei nevnte kvalitetane vil ein få eit fint uteareal mot sør der ein kan bygge treplatting eller ha plenareal. Kvar leilegheit eig og disponerer sin halvdel av tomtearealet.

Totalt er her tre vertikaldelte 2-mannsbustader i prosjektet. I bygg 1 og 2 er begge leilegheiter selt, i bygg 3 er her framleis ei ledig leilegheit. Så dette er siste moglegheit til å sikre seg ei av dei flotte leilegheitene i prosjektet.

Plassering

Eidsvika er kjent for si solrike og lune plassering innerst i Grytafjorden, og 2-mannsbustadane vil få ei svært sentral plassering samtidig som dei ligg i eit fredeleg og veletablert bustadområde.

Med kort køyretid både til Digerneset (10 min.), Moa (20 min.), Ålesund sentrum via Ellingsøya (25 min.) og Brattvåg (15 min.) er Eidsvika sentralt for dei fleste. Gangavstand til barnehage, barne- og ungdomsskule, butikkar, idrettsanlegg m.m. gjer Eidsvika til ein attraktiv stad å bu for svært mange. Området er dei siste åra utbygd med einebustader, småhus og lavblokker, og er ein del av eit lite lokalsamfunn med bustader for folk i alle livsfasar. Naturen i området er eit eldorado for alle som er glade i å vere ute, her er mellom anna ei badestrand innerst i fjorden, flotte turstiar i nærområdet og sjøen som næraste nabo.

Beskriving av leveransen

Leilegheitene vert i utgangspunktet levert klar til eigeninnsats med sparkling, maling/tapetsering, membran/flislegging og golvlegging. Om ønskjeleg kan leilegheitene leverast heilt eller delvis klar til innflytting mot avtalt pristillegg. Kjøpar vil sjølv kunne velge standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velge anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i standardleveransen.

  • Kjøkkeninnreiing frå Kvik
  • Baderomsinnreiing frå Kvik
  • Varme i golv på begge bad, vaskerom og ytre del av gang i u.etg.
  • Skyvedørsgarderobe med dører i klart speil på stort soverom i 2. etg.
  • Balansert ventilasjon frå Systemair
  • Komplett ventilert stålpipe med ferdig montert eldstad
  • Rør i rør system
  • Frostsikker utekrane
  • Kvitmalte massive innerdører type Swedoor Unique
  • Gråsvart ytterdør type Hovdeby frå Bygg1
  • Platt ved inngangsparti og dekke i carport støypt i betong
  • Asfaltert veg og parkeringsareal

Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit

Det er mange fordelar ved kjøp av ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og berre tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.

  • Alt er nytt, ikkje behov for oppussing
  • Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
  • Lave kostnader til vedlikehald
  • Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
  • Tidsriktig og praktisk bustad
  • Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
  • Du slepp hektiske budrundar
  • Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
  • God tid til å førebu flytting
  • Lave kjøpsomkostningar, berre dokumentavgift/tinglysingsgebyr på kr 24 250,-

Diverse

Byggearbeidet på første bustaden (bygg 1) er ferdigstilt, og vi er no godt i gang med bygginga av dei to neste bustadane (bygg 2 og 3). Den ledige leilegheita i bygg 3 blir ferdigstilt etter avtale med kjøpar, og kan stå klar til innflytting frå mai -25 og utover.

Fiber vert lagt fram til bustadane, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS. Gebyr for tinglysing av skøyte kr 24 250, elles ingen kostnadar i samband med kjøpet.

Bustadane vert bygd etter byggteknisk foreskrift (TEK17)

For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode295628679
Sist endret14. mars 2025 14:43

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.