Utløpt

Vil du bli med og utvikle aktivitetane og organisasjonen vår?

Arbeidsgiver
Bondeungdomslaget i Oslo
Stillingstittel
Organisasjonsrådgjevar
Frist
03.03.2023
Ansettelsesform
Fast

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) har om lag 700 medlemmer som driv med idrett, teater, folkedans, kor og nynorskarbeid i sitt eige kulturhus midt i Oslo.


Er du allsidig, strukturert, ser nye måtar å gjere ting på, god til å administrere, lytte, og få ting til å skje? Har du interesse og engasjement for organisasjonsarbeid og medlemsutvikling? Då kan du vere den rette til å vere organisasjonsrådgjevar i BUL.


BUL er ein demokratisk styrt medlemsorganisasjon der det er tett dialog mellom tillitsvalde, medlemmer og administrasjon. Det er fem tilsette (4,5 årsverk) på kontoret, der to av desse er i Idrottslaget. Aktivitetane er organisert i fire særlag med kvar sitt styre, og du skal jobbe på tvers av desse særlaga. Laget har to hytter som vi leiger ut til medlemmene og andre.


Vi ønskjer ein person som, i samspel med hovudstyret, dei tilsette og særlaga, vil vere med på å utvikle og synleggjere laget og aktivitetane våre. Du bør trivast både med administrative og praktiske oppgåver.


Dette er dei viktigaste ansvarsområda:

1)    Organisasjonsarbeid

  • utvikle og synleggjere laget og aktiviteten
  • informere om aktivitetar både internt og eksternt
  • hjelpe særlaga og dei tillitsvalde i drifta av aktivitetane
  • utvikle og drive organisasjonsopplæring av medlemmer og tillitsvalde
  • utvikle gode rutinar for å gjere det lettare å vere medlem og tillitsvald


2)    Administrative oppgåver

  • drifte og vedlikehalde medlemssystemet
  • organisere bruk og utleige av lagslokala og hytter
  • følgje opp utviklingsbehov i lokala
  • organisere og hjelpe til ved ulike møte og arrangement
  • halde nettsider og sosiale medium oppdatert
  • søkje på støtteordningar
  • oppfølging av strategi- og handlingsplan for å sikre at planane blir gjennomført


Du vil samarbeide tett med dagleg leiar og assistere henne i oppgåver innan økonomi og styrearbeid. Ved feriar og fråvær skal du kunne fungere som dagleg leiar og får slik nyttig erfaring i organisasjonsleiing.


Vi ser etter deg som:

  • har erfaring frå medlemsorganisasjonar som tilsett eller tillitsvald
  • er ryddig og strukturert
  • er sjølvstendig, tek initiativ og likar å ta i eit tak
  • har tankar og idéar om utvikling av frivillige medlemsorganisasjonar
  • er glad i folk og god til å organisere og koordinere
  • har god IT-/systemforståing og gjerne erfaring med medlemssystem, nettsider og SoMe
  • kan utrykke deg godt både munnleg og skriftleg og er glad i å skrive nynorsk
  • har relevant utdanning


BUL har nynorsk som administrasjonsspråk, og du må kunne lese korrektur for andre tilsette og tillitsvalde.

Søknaden din må vere på nynorsk for å bli vurdert.


Hos oss ser vi det som ein styrke å ha medarbeidarar med ulik bakgrunn, livserfaring og perspektiv. Vi oppmodar difor alle som meiner dei har rett kompetanse til å søke.


Praktisk om stillinga:

  • 100 % fast stilling med 37,5 timar normalarbeidstid, fleksitid
  • noko kveldsarbeid må påreknast
  • løn etter avtale (avhengig av kompetanse og utdanning)
  • god pensjonsordning
  • personalkantine og rabattordningar
  • vi nyttar Office 365, økonomisystemet Xledger og medlemssystemet Styreweb


I hovudsak jobbar du på kontoret og lagslokala, då fleire av arbeidsoppgåvene krev fysisk oppmøte, medan noko heimekontor er mogleg.


Send søknad og CV snarast mogeleg, og seinast 3. mars.

Du treng ikkje skrive ein omfattande søknad, men vi vil gjerne vite litt om kven du er og kvifor du ønskjer å jobbe hos oss. Det er positivt om du kan skrive litt om korleis du kan hjelpe oss med å utvikle organisasjon og medlemmene.


Søknadar blir vurderte så snart dei kjem inn. 

Om arbeidsgiveren

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) vart skipa i 1899 for å vere ein trygg møteplass for innflyttar til hovudstaden . I dag, 120 år etter, driv vi dei same aktivitetane, men du treng ikkje vere innflyttar for å bli med. Vi har om lag 700 medlemmer i alle aldrar i fire aktivitetsgreiner (særlag): Idrottslaget, Songlaget (kor), Teaterlaget og Leikarringen. BUL er kjend for Sentrumsløpet, folkedans og brusteinsball på 17. mai, nynorsk teater og kor som fokuserer på folketonar og nynorske songar. Teatersalen/Nynorsken hus er eit lite kulturhus med ei rekke interne og eksterne arrangement.

BUL eig Rosenkrantz’ gate 8, og forretningsverksemdene Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden. Vi har to hytter; Røkleivhytta i Nordmarka og Bondehytta i Nittedal. BUL er både eit ungdomslag og eit mållag og er difor lokallag i Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag (NM). IL er med i Idrettsforbundet og Songlaget i Korforbundet. Saman med NU og Det Norske Teatret eig vi Den mangfaldige scenen AS. BUL er største einskildaksjonær i Det Norske Teatret- Vi er medeigar i avisa Dag og Tid, og ein av stiftarane av Norsk Barneblad. Saman med ei rekke nynorskorganisasjonar er vi med i Nynorsk forum.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Organisasjoner
Sted
Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo
Bransje
Ideelle organisasjoner,
Kunst og kultur,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

kultur, nynorsk, frivillighet, kommunikasjonsrådgiver, idrett

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Velure
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
90 51 41 60
Følg firma
2 følger dette firmaet

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 292152203
Sist endret 5. apr. 2023 17:52

Rapporter annonse