Utløpt

Samlande, ambisiøs og engasjerande? Me treng ny kulturhusleiar i årets kulturkommune!

Arbeidsgiver
Ål kommune
Stillingstittel
Kulturhusleiar
Frist
19.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Ål Kommune

Samlande, ambisiøs og engasjerande? Hjarte for kultur, folk og unike opplevingar? Me treng ny kulturhusleiar i årets kulturkommune!

Ål kulturhus er eit levande regionalt kulturhus for heile Hallingdal – og er fylt av liv og aktivitet frå morgon til kveld. Du får vere med å skape levande og magiske augeblikk, og vere ein del av eit kreativt og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer i våre flotte lokaler midt i Ål sentrum. 


Ål kulturhus har i alt tre amfisalar og er ein stor aktør på kino, scenearrangement, seminar og møteverksemd. Ål kommune driftar Ål kulturhus og leiar rapporterer til kultursjef Den store, nye satsinga på huset er Sprang, ei nasjonal scene for produksjon og formidling av dans generelt og folkedans spesielt. Lokala er spesialbygde for dans, med unike tekniske løysingar for akustiske framføringar. Sprang husar både norske og internasjonale dansekunstnarar gjennom residensopphald, samproduksjonar og eige danseprogram, og jobbar i tillegg aktivt med rekruttering til, talentutvikling i og ivaretaking av både sceniske og tradisjonelle danseformer. Kulturskulen, bibliotek, frivilligsentralen, innvandrartenesta og vaksenopplæringa held også til på huset, det same gjer Nesch-museet og Galleri Syningen. Me søker leiar for kulturhuset. Du er utviklingsorientert, har brei kulturfagleg forståing og veldig gjerne leiarkompetanse. 


SENTRALE ARBEIDSOPPGÅVER:

• Fylle huset med aktivitet ved å planlegge, koordinere og gjennomføre arrangement.

• Overordna kunstnarleg, økonomisk og administrativt ansvar for Ål kulturhus.

• Skape gode møteplassar for profesjonelle og frivillige aktørar i kulturlivet.

• Vidareutvikle vertskapsrollen for besøkande, publikum og artistar.

• Saman med leiar for Sprang jobbe med danseprogram og publikumsutvikling.

• Personalansvar for sju motiverte og kompetente medarbeidere.

• Samhandle med dei øvrige aktørane på huset. 

• Vidareutvikle og oppretthalde Ål kulturhus som ein viktig kulturaktør regionalt og nasjonalt.


KVALIFIKASJONAR:

• Relevant høgare utdanning og/eller relevant arbeidserfaring.

• Relevant fagbakgrunn: Kulturfagleg, marknadsføring og/eller kreativ næringsutvikling.

• Leiarerfaring er ynskjeleg. 

• Erfaring frå prosjektleiing og/eller publikumsutvikling.

• Fordel med kjennskap til booking.


PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

• Du er ein god lagbyggar.

• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

• Nyskapande og utviklingsorientert.

• Skape, bygge og ta vare på gode relasjonar, internt og eksternt.

• Du motiverer og inspirerer andre.

• Evne til å arbeide systematisk, strukturert og strategisk.

• God økonomiforståing.

• Løsningsorientert, handlekraftig og beslutningsdyktig.


ÅL KOMMUNE TILBYR:

• Fleksibel arbeidstid.

• Deltaking i Ål kommune sitt eigne leiarprogram og kursrekker

• Hjelp med å flytte til Ål (Flytt til Ål! - Ål kommune (aal.kommune.no))

Sektor
Offentlig
Sted
Myren 40, 3570 Ål
Bransje
Event og arrangementer,
Kunst og kultur,
Musikk
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Koordinering,
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

kultur, leder, arrangementer, kulturhus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Markus Dvergastein
Stillingstittel
Kultursjef
Telefon
32 08 50 04
Mobil
91 71 15 59
Følg firma
38 følger dette firmaet

Myren 40, 3570 Ål

Annonseinformasjon

FINN-kode 289708103
Sist endret 14. mar. 2023 12:16

Rapporter annonse