Utløpt

Helsefagarbeidar 100 % fast stilling i heimesjukepleia

Arbeidsgiver
Seljord kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Frist
30.08.2022
Ansettelsesform
Fast

Seljord kommune har ledig ei fast 100 % stilling som helsefagarbeider i heimesjukepleia. Oppstart i stillinga er 1.9.22, men dette kan justerast.

Kommunen søkjer etter ein fagleg dyktig og engasjert person som kan arbeide sjølvstendig og samtidig ha gode samarbeidsevner. Me er ein teneste med høg fagleg kompetanse, og har eit mål om at innbyggarane skal kunne bu heime så lenge som mogeleg. Vår tanke er at dei som treng mest, skal få mest. Me har eit tett og godt tverrfagleg samarbeid i pleie og omsorgstenesta. Tenesta har eit godt arbeidsmiljø, der alle har ansvar for å bidra.

Heimetenesta har sine lokale sentralt i Seljord, og ligg i same bygg som Nesbukti pleie og omsorgssenter. Open omsorg har i tillegg to butilbod med heildøgns omsorg, eit dagsenter og 15 omsorgsbustader.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene omfattar grunnleggande helsefagarbeideroppgåver
  • Det vil vere varierande, utfordrande og lærerikt arbeid
  • Det vil bli to eller tredelt turnus med arbeid kvar 3.helg

Kvalifikasjoner:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg
  • Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevne
  • Forutan faglege kvalitetar vil erfaring og personlege eigenskapar bli vektlagt
  • Sertifikat B (stillinga i heimetenesta)
  • Politiattest må leggjast fram ved tiltreding

Personlege eigenskaper:

  • Er trygg, tydeleg og triveleg
  • Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
  • Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Tar sjølvstendig ansvar og likar å jobbe i team
  • Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til ei kvar tid brukast i Seljord kommune.

Vi tilbyr:

  • Løn etter Hovudtariffavtala
  • IA-bedrift
  • Pensjon via KLP/SP
  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette


Vi vurderer berre søknader som kjem elektronisk via elektronisk søknadsportal.

Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.

Om arbeidsgiveren

Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.

Sektor
Offentlig
Sted
3840 Seljord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Nøkkelord

helsefagarbeider, hjemmetjenste

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigrid Kleivi Berge
Stillingstittel
Einingsleiar
Mobil
97 60 49 02
Følg firma
14 følger dette firmaet

3840 Seljord

Annonseinformasjon

FINN-kode 268683760
Sist endret 22. sep. 2022 11:04

Rapporter annonse