Bildegalleri
Original Malangsdrakt til sals
Til salgs
38 000 kr
Beskrivelse av varen
Størrelse: S
Malangsdrakt til sals.
Pris 38 000, –
Ny pris vel. 57.450 eks. skjorte og sølv.
Malangsdrakta er laga til storleik S / 6 / 34
Passar til mål:
Hofte 90–oppover (vidt skjørt)
Midje 68–72
(merknad: høg midje. Kjøpar kan ta mål av under-brystet, ettersom skjørtet skal sitje stramt og «klemme til kroppen» )
Bryst omfang 86–90cm
Innhald:
Seljast med; skjørt; underskjørt; skjorte; veske; vest; cape; sydvest/hatt; sølje og øyrepynt.
Ekstra skjorte i 50% lin og 50% bomull medfølger. Denne vart laga med andre knappar på ermet enn originalen p.g.a. kommunikasjonsfeil – men følgjer med drakta og er praktisk som «ekstra skifte»
Generell Information:
Har vorte fortalt av syerske at bunaden har stoff til å bli tatt ut, men har sjølv ikkje erfaring med faget. Ser at saumane inneheld 4–6cm stoff på kvar ende.
Bunaden vart sydd og brodert av fagkunnig person lokalt på Malangseidet. Broderiet ber med motiv frå fjorden som hav, båt, terna og bølger, men òg frå flora i Malangen som geitrams og blåklokke. På øyrepynten og på sølja er blåklokke emnet.
Broderiet er godt gjennomført og av god kvalitet.
Ser ikkje at drakta har tapa stor verdi i mitt eige. Har vore i knapp bruk. Aldri vorte skitten.
Bunaden blir sent i posten.
Meir informasjon om drakta:
https://snl.no/Malangdrakt
Andre mål som kan ha mykje å seie for passforma:
Bunaden vart sydd til ein person på 161cm høgde og 60kg.
Skjørtet har 105cm lengde
Skulderbreie 38cm
Armlengde 53.5cm
Skjorte-lengda er 63.5cm
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 5.5.2026 kl. 11:47 ・ FINN-kode: 256533450
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt


























