Utløpt

Er du nykkelen til å leie Kviteseid, vidare inn i framtida?

Arbeidsgiver
Kviteseid kommune
Stillingstittel
Kommunedirektør
Frist
13.02.2022
Ansettelsesform
Fast

Er du ein strategisk og tydleg leiar som er inkluderande, handlekraftig og løysingsorientert med evne til å engasjere og motivere?

 Då er du nykkelen me ser etter! 


Som kommunedirektør må du ha god evne til kommunikasjon og samhandling med tilsette, tillitsvalde, politikarar, eksterne samarbeidspartnarar og innbyggjarar.

Du må vera trygg i leiarrollen, ha god økonomiforståing og -styring, evne til effektivt å setje i verk politiske vedtak og vidareutvikle eit godt tenestetilbod.

Du må og bidra til utvikling av morgondagens løysingar basera på m.a. brukarorientering, innbyggjarinvolvering og teknologiutvikling.

 Kvalifikasjonar:

·       Høgare relevant utdanning, bachelor eller mastergrad

·       Lang, relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning

·       Forståing og erfaring med økonomistyring

·       Solid leiarerfaring frå større organisasjon

·       Strategisk leiing

·       Organisasjons- og leiarutvikling

·       God prosesskompetanse og erfaring frå endringsprosessar

 Personlege eigenskaper:

·       Strategisk, strukturert og analytisk

·       Samfunnsengasjert

·       Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter

·       Selvstendig og utadvendt

·       Gode samarbeidsevner og god på å gi lederstøtte

 Me tilbyr:

Ei spennande leiarstilling, der du saman med politikarar og medarbeidarar vil få ei sentral rolle i kommunens vidare utvikling. Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.Er du ein strategisk og tydleg leiar som er inkluderande, handlekraftig og løysingsorientert med evne til å engasjere og motivere?

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Om arbeidsgiveren

Mellom fjord og fjell sentralt i hjarta av Vest-Telemark, ligg Kviteseid kommune. Vakker natur med Telemarkskanalen og skisportens vogge har gjort reiseliv til ei viktig næring. Kommunen har eit godt tenestetilbod som skårar høgt på nasjonale rangeringar. Eit omfattande interkommunalt samarbeid, der mange tenester er lokalisert i kommunen, gjev grunnlag for god kvalitet og spannande faglege nettverk.

Kviteseid har fleire kompetansemiljø innan offentleg tenesteyting: Barnevernsamarbeidet i
Vest-Telemark og Vest Telemark PPT. Kviteseid har landets einaste samlokalisera domstol med Telemark tingrett og Øvre Telemark Jordskifterett. Kviteseid er også kontorstad for fleire regionale samarbeidstiltak som Vest-Telemarkrådet og Telemark Næringshage. I kommunen er det og vidaregåande skule, Kvitsund Gymnas.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Ledelse, Rådmann, Kommunedirektør, Økonomi, samfunnsutvikling

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Nordskog
Stillingstittel
Ordførar
Telefon
35 06 81 06
Mobil
90 76 87 84
Følg firma
8 følger dette firmaet

Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid

Annonseinformasjon

FINN-kode 245479564
Sist endret 3. mar. 2022 11:04

Rapporter annonse