Bildegalleri

Velkommen til Nihusbakken 26B! Leilegheit 1 i bygg 9 er no heilt klar til innflytting. Dei neste 20 bilda er frå denne leilegheita.

4-mannsb. Nihusbakken - Skodje

Nihusbakken Skodje - Romsleg 3-roms leilegheit (BRA-i 86 m² ) med nydeleg utsikt og parkeringsplass i carport

Prisantydning fra

3 480 000 kr

Prisantydning til

3 780 000 kr

Totalpris fra

3 491 295 kr

Totalpris til

3 791 295 kr

Kort om prosjektet

Romslege leilegheiter i 4-mannsbustad med ei sjeldan flott plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken. Her er lunt og solrikt, og ei nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Moderne leilegheiter som inneheld stue/kjøkken, to soverom, entrè/gang, bod og bad/vaskerom.

  • Planlegging

    Ferdig planlagt

  • Salgsstart

    Leil. 1 og 2 bygg 9 klar for innflytting

  • Byggestart

    Bygget er ferdig oppført

  • Overtakelse

    Overtaking etter avtale med kjøpar

Nøkkelinfo

Boligtype
Leilighet
Soverom
2
Internt bruksareal
86 m² (BRA-i)
Bruksareal
116 m²
Eksternt bruksareal
30 m² (BRA-e)
Balkong/Terrasse
17 m² (TBA)
Eieform
Eier (Selveier)
Energimerking
B

Les mer om bruksareal her

Enheter i prosjektet

Sorter etter

Nedoverpil

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

Det nye bustadfeltet Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, så her har du fri natur like utanfor døra.

Dei tre første 4-mannsbustadane (bygg 7, 10 og 11) er ferdige, og her er alle leilegheiter selde. I bygg 9 har vi to ledige leilegheiter som er klare for innflytting, og i bygg 8 ei leilegheit som er klar for eventuell eigeninnsats.

Dette er praktiske leilegheiter med god plass som inneheld stue/kjøkken, to soverom, entrè/gang, bod og bad/vaskerom. Sjå også oversikt lengre nede som viser kva for leilegheiter som er ledige.

Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport, og separat sportsbod i carport. Dei ledige leilegheitene har også ei ekstra utebod på nedsida av carporten. Leilegheitene har utgang frå stue til terrasse. Terrassane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett, slik at leilegheitene i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel.

Plassering

Sentral plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken bak Skodje omsorgssenter. Gangavstand til sentrumsfasilitetar som butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter, busstopp m.m. Flott turterreng, skiløyper, golfbane m.m. i nærområdet.

Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Nihusbakken bustadfelt ligg svært landleg til, samtidig som det er sentralt og kort veg til det meste. Digerneset næringspark er berre nokre minutt unna med bil, og her er mange aktørar etablert, og stadig fleire kjem til. Køyretid til Moa 15 minutt, og til Ålesund sentrum 25 minutt.

Beskriving av leveransen

Leilegheitene i bygg 9 vert levert klar til innflytting med god standard. Her er glatte malte veggar i tidsriktige fargar, eit stilfullt flislagt bad med fine detaljer, vegghengt toalett, takdusj og moderne dusjveggar. Kjøkkenet er utstyrt med integrerte kvitevarer frå Bosch og ei innhaldsrik innreiing. Det er god plass til både spisebord og sofagruppe i den opne stue- og kjøkkenløysinga, noko som gir ei luftig og sosial atmosfære. I den ytre delen av entreen er det flis, og ei praktisk skyvedørsgarderobe sørger for rikeleg med plass for oppbevaring av ytterklede og sko. Det er røropplegg for vaskemaskin både på bad og bod, så valfri plassering av vaskemaskin og tørketrommel.

Den ledige leiliegheita i bygg 8 vert levert klar til følgjande eigeninnsats:

  • Sparkling/maling/tapetsering av gispveggar
  • Membran, flis og flislegging av våtrom
  • Golv og golvlegging i tørre rom


Leilegheita kan leverast heilt eller delvis klar for innflytting mot avtalt tillegg. Ta kontakt for informasjon om prisar. Her vi kjøpar sjølv kunne velje standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velje anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i leveransen.

Bygg 9
Leil. 1 u. etg. BRA 85,9m² 3 780 000,- (klar til innflytting)
Leil. 2 u. etg. BRA 85,9m² 3 780 000,- (klar til innflytting)
Leil. 3 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT
Leil. 4 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT

Bygg 8
Leil. 1 u. etg. BRA 85,9m² 3 480 000,- (klar til eigeninnsats)
Leil. 2 u. etg. BRA 85,9m² SOLGT
Leil. 3 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT
Leil. 4 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT

Følgjande er med i standardleveransen:

  • Kjøkkeninnreiing frå Kvik
  • Baderomsinnreiing frå Kvik
  • Varme i golv på bad og ytre del av entrè
  • Skyvedørsgarderobe med dører i klart speil i entrè
  • Garderobeskap på soverom
  • Balansert ventilasjon frå Villavent
  • Luftventilert pipe
  • Rør i rør system
  • Frostsikker utekrane
  • Innerdører type Swedoor Unique
  • Ytterdør type Hovdeby frå Bygg1
  • Platt ved inngangsparti støypt i betong
  • Asfaltert veg og parkeringsareal
  • Biloppstillingsplass og sportsbod i carport

Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit

Det er mange fordelar med å kjøpe ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før.

  • Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år
  • Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming
  • Lave kostnader til vedlikehald
  • Moglegheit til å påverke utforming og innreiing
  • Tidsriktig og praktisk bustad
  • Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår
  • Du slepp hektiske budrundar
  • Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris
  • God tid til å førebu flytting
  • Lave kjøpskostnadar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 11 295,- kjem i tillegg

Diverse

Fiber vert lagt fram til bustadane, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS. Gebyr for tinglysing av skøyte kr 11 295,-. Elles ingen kjøpsomkostningar.

Bustadane er bygd etter byggteknisk forskrift TEK 17.

For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode239634517
Sist endret07. okt. 2025 12:24

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.