Dagleg leiar
NÆRINGSHAGEN I ULLENSVANG AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å forme framtida i ein av Noregs vakraste regionar?
Næringshagen i Ullensvang søkjer ein engasjert og målretta dagleg leiar som brenn for lokalt og regionalt verdiskapingsarbeid og ønskjer å bidra til ei berekraftig utvikling i regionen.
Hos oss får du vere med og utvikle eit fellesskap av gründerar og etablerte verksemder som saman skaper framtida for regionen vår.
Kven ser vi etter?
Vi søkjer deg som har:
Fagleg tyngde og kompetanse til å rådgi og støtte verksemder i ulike fasar
Solid økonomiforståing – det er heilt avgjerande
Utdanning innan til dømes leiing, administrasjon, økonomi, finans eller juss. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
Gode evner til relasjonsbygging og samarbeid
Strukturert arbeidsform og god kapasitet til å handtere fleire oppgåver parallelt
Høg gjennomføringsevne og eit brennande ønskje om å skape verdi og gjere ein forskjell
Evne til å leie deg sjølv, ta initiativ og samtidig bidra til å motivere og engasjere andre
Om stillinga
Vi ser etter ein framtidsretta og engasjert dagleg leiar som vil vere med på å forme retninga for verksemda vår vidare. Du må ha evne til å både utvikle ein ny strategi – og få den til å leve i kvardagen. Vi treng ein leiar som ikkje berre ser moglegheiter, men som får dei til å skje.
Som dagleg leiar får du ei variert og meiningsfull arbeidshverdag der du jobbar både strategisk og praktisk med å utvikle næringslivet i Ullensvang og omegn.
Dine arbeidsoppgåver vil anna vere:
Bidra til utvikling og gjennomføring av strategiprosesser og strategisk arbeid
Ansvar for administrasjon, økonomi og personaloppfølging
Rettleiing og oppfølging av etablerarar og næringsdrivande
og leie utviklingsprosjekt som bidreg til innovasjon og verdiskaping
Samarbeid med kommunale og regionale aktørar om næringsutvikling
Nettverksbygging og fasilitering av møteplassar for næringslivet
Vidareutvikle og forbedre tenestene til næringshagen
Bidra til strategisk utvikling av regionen sitt næringsliv
Kvifor jobbe hos oss?
Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag – ingen dagar er like. Du blir ein del av eit aktivt og inkluderande kontorfellesskap, saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Her byggjer du nettverk på tvers av bransjar og får innsikt i mange ulike næringar. Arbeidskvardagen er fleksibel, med base i Odda og reising i Hardanger-regionen. Vi tilbyr også moglegheit for noko heimekontor, og verdset både faglege diskusjonar og gode kaffipausar.
Om Næringshagen i Ullensvang
Næringshagen i Ullensvang er ein sentral utviklingsaktør i regionen, og vi jobbar aktivt for å styrke næringslivet gjennom rådgjeving, nettverksbygging og prosjektleiing. Vi samarbeider tett med både offentlege og private aktørar, og er for tida engasjert i ei rekkje initiativ.
Kjerneverksemda:
Etablerartenesta og næringsarbeid for Ullensvang kommune
Målbedriftsprogrammet – rådgjeving og oppfølging av lokale bedrifter
Rekrutteringsprosjektet Hardanger og Voss kallar
HVK Studiesenter – utvikling av desentralisert utdanning og kompetanse
Hardanger Industri – samarbeid for industriutvikling i regionen
Røldal Næringsfond – forvaltning og oppfølging
Utviding av næringshagen sitt geografiske nedslagsfelt
INUNET – regionalt innovasjonsnettverk for utvikling og samarbeid
I tillegg er vi involverte i ei rekke mindre prosjekt og utviklingsløp knytt til lokal verdiskaping og samarbeid på tvers av bransjar. Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i dette arbeidet, og moglegheita til å påverke utviklinga av regionen.
Arbeidsstad: Odda, Ullensvang
Stillingstype: Fast, 100 %
Tiltreding: Etter avtale
Konkurransedyktig lønn
Søknadsfrist: 31. mai 2025
Ferdigheter
- Bedriftsøkonomi
- Bedriftsrådgivning
- Forvaltningskompetanse
- Strategisk ledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Smelteverket 57, 5750 Odda
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Industri og produksjon, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
dagleg leiar, næringsutvikling, økonomiforståing, nettverksbygging, prosjektleiing
På kontorfellesskapet vårt, Smeltedigelen Kontorfellesskap, leier vi ut til 13 forskjellige bedrifter. (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 233333035
- Sist endret