Utløpt

Tannhelsesekretær (fast og vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Tannhelsesekretær (fast og vikariat)
Frist
10.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Tannhelsesekretær (fleire stillingar)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi (https://www.uib.no/odontologi) , er det ledig fleire faste stillingar og fleire vikariat som tannhelsesekretær. Dei ledige vikariata kan vere deltids- og heiltidsstillingar, og for ulik tidsperiode. Tidsperioden kan vere frå 6 til 18 månader. Dei faste stillingane er ledige frå oktober 2021.

Søkjaren må oppgi om en vil søkje fast stilling, vikariat eller begge delar.

Den som vert tilsett må rekne med å  gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar:  endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.

Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.


Arbeidsoppgåver:
  • pasientomsorg
  • assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
  • røntgenfotografering
  • opplæring av studentar i hygiene
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
  • pasientadministrative oppgåver
  • kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis

Andre oppgåver kan leggast til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar :     
  • søkjarar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær
  • erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
  • evne til fleksibilitet, nytenking og initiativ
  • ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • kompetanse innan data og Opus journalsystem
  • handtera telefona 
  • evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø

Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, ti tillegg til å ha stor arbeidskapasitet. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.


Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • lønssteg 38-44 etter tenesteansiennitet (kode 1545/lønsramme 09.10), for tida 387 100 - 419 600 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Søknaden skal innehalde:
  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stilling (fast eller vikariat) og kva stillingsbrøk du ønskjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon: 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30 eller e-post: Neshe.Lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her. (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen)


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsesekretær
Følg firma
1196 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 232862096
Sist endret 23. sep. 2021 00:00

Rapporter annonse