Utløpt

Kunderådgjevar privatmarknad Måløy

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Kunderådgjevar privatmarknad Måløy
Frist
26.09.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Vi ønskjer å utvikle posisjonen vår i Måløy og søkjer dyktig kunderådgjevar.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Banken har ledig stilling som kunderådgjevar privatmarknad med kontorstad Måløy

Vi ønskjer å utvikle posisjonen vår i Måløy og søkjer ein dyktig kunderådgjevar som kjenner og har relasjonar i marknaden. Vi er interessert i deg som ønskjer å vere med på å gje gode kundeopplevingar og å bidra til vår gode vekst i Måløy.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
. Finansiell rådgjeving og kundeservice
. Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
. Jobbe målretta med å bygge eigen kundeportefølje
. Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester

Til stillinga søkjer vi deg som:
. Har høgare utdanning og interesse for økonomi.
. Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt
. Kan skape tillit, gode relasjonar
. Kan arbeide både sjølvstendig og i team
. Er Autorisert Finansiell Rådgjevar, eller ønskjer å bli det
. Har solid vurderingsevne og er trygg i relasjon med kunde

Vi tilbyr:
. Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank
. Løn etter avtale
. Gode pensjons- og forsikringsordningar
. Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg
. Nytt og moderne kontorlokale

Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte regionbanksjef Ole Aukland, tlf 93232605.

Sektor
Privat
Sted
6700 Måløy
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Nøkkelord

Kunderådgjevar, bank, finans

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Aukland
Stillingstittel
Banksjef
Telefon
93 23 26 05
Følg firma
102 følger dette firmaet

6700 Måløy

Annonseinformasjon

FINN-kode 232241734
Sist endret 17. sep. 2021 17:07

Rapporter annonse