Utløpt

Spennende reisejobb på skip over hele verden

Arbeidsgiver
SMART Automation AS
Stillingstittel
Serviceingeniører - Elektro og automasjonssystemer
Frist
15.08.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med SMART AUTOMATION AS

SMART Automation veks og treng fleire engasjerte medarbeidarar til vårt service team, og søker i den samanheng etter fleire serviceteknikarar/-ingeniørar som kan gå inn i vårt serviceteam. Me ser også etter ein kandidat som kan vera det viktige knutepunktet mellom serviceteam og prosjektavdelinga.

 Dei som inngår i serviceteamet har normalt i ei 3/3 rotasjonsordning.

Våre systemleveransar spenner frå hybride til heilelektriske framdrifts-løysingar, som også inneheld Power Management System (PMS) og Integrated Automation System (IAS).

 

Me kan tilby deg

  • Interessante og utfordrande oppgåver med kundar over heile verda.
  • Å få vera med å jobba med berekraftige grøne løysingar for framtida
  • Godt arbeidsmiljø i ein organisasjon der alle spelar ei viktig rolle.
  • Høve til å inngå i rotasjonsordning
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale

 

Arbeidsoppgåver

  • Oppstart av nye anlegg
  • Service og vedlikehald på eksisterande anlegg
  • Oppdatering av programvare/ny funksjonalitet på eksisterande automasjonsleveransar
  • Inngå i rotasjonsordning for vakttelefon
  • Støtta andre avdelingar ved behov

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Ingeniør- eller fagskuleutdanning innan relevante fagfelt, t.d. automasjon, data, el-kraft og fornybar energi
  • Alternativt fagbrev og erfaring som automatikkar, elektrikar eller tavlemontør
  • Erfaring med automasjons- og/eller elektrosystem til skip

  

Er du interessert?

For spørsmål om stillingane, ta kontakt med

John Kåre Torkelsen | Dagleg leiar

M: +47 909 85 260

Søkarar blir vurdert fortløpande.

Om arbeidsgiveren

SMART Automation utviklar og leverer automasjons- og framdrifts-løysingar for alle typar skip, alt frå konvensjonelle til hybride og heilelektriske. Me nærmar oss 30 dyktige medarbeidarar og veks stadig. Erfarne ingeniørar, i tett samarbeider med unge tilsette, utgjer eit sterkt team bak våre leveransar. Vår prosjektavdeling står for gjennomføring og leveransar til våre kundar i hele verda.

SMART Automation leverer avanserte automasjonsløysingar for styring og overvaking av heile fartøyet. Her fokuserer me på å finna den rette løysinga for kvar enkelt kunde, anten det er nybygg eller ombygging av eldre fartøy.

Utslepp frå skipsfarten skal reduserast, noko som krev nye løysingar. Her spelar me på lag med reiarane for å finna den rette konfigurasjonen for deira fartøy.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Hollundsdalen 5, 5430 Bremnes
Bransje
Elektronikk,
Kraft og energi,
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Automasjon og instrument,
Ingeniør / Elektroingeniør,
Teknisk service
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Automasjon, Elektro, Teknologi, Hybrid Power, Reise

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Kåre Torkelsen
Stillingstittel
Daglig leder
Mobil
90 98 52 60
Følg firma
29 følger dette firmaet

Hollundsdalen 5, 5430 Bremnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 232029993
Sist endret 8. aug. 2023 08:36

Rapporter annonse