Vil du finne løysingar i samhandling med menneske i ein krevjande situasjon?
- Arbeidsgiver
- NAV
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Frist
- 02.09.2021
- Ansettelsesform
- Fast
NAV Ulvik leverer tenester til innbyggjarar og bedrifter i Ulvik herad og er i tillegg ein del av NAV region Voss Hardanger. NAV Voss Hardanger som omfattar NAV-kontora i Voss, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Kvam og Vaksdal.
Gjennom partnarskapet har stat og Ulvik herad felles ansvar for drifta av NAV Ulvik og skal sikre et samordna tenestetilbod til innbyggjarane i heradet. NAV Ulvik har kontor på Heradshuset i Ulvik sentrum, og det er 2 årsverk ved kontoret. I tillegg vil den som får stillinga verta knytt opp til eit stort fagmiljø på NAV Voss og nærmaste leiar er ein av avdelingsleiarane på NAV Voss.
Arbeidsoppgåver
- Sosialfagleg og arbeidsretta sakshandsaming og oppfølging
- Ha eiga portefølje med personar ein skal kartlegge, motivere og rettleie på vegen mot jobb eller utdanning
- Utstrekt samarbeid med andre fagmiljø i Ulvik herad, arbeidsgjevarar, helsevesen, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
- Vere en aktiv medspelar i fagmiljøa i regionen og bidra til einheitlege løysningar til beste for våre brukarar
NAV er stadig i utvikling og oppgåvene vil kunne variere ut frå behov, både i kontoret og i regionen. Det kan bli lagt oppgåver for heile regionen til stillinga.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet, helst innan samfunnsfag, helse, sosialfag eller psykologi. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg (norskkunnskap minimum B2)
- god digital kunnskap
Det er ynskjeleg at du har:
- rettleiingskompetanse; gjennom formell kompetanse eller gjennom praksis
- kjennskap til NAV sin inkluderingskompetanse og/eller SE/IPS-metodikken
- kompetanse eller erfaring innan arbeid med menneske med samansette livsutfordringar, koordinering og tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskaper
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagt stor vekt. Vi ser etter deg som:
- har særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er strukturert, initiativrik, løysingsorientert
- har god gjennomføringsevne
- har fokus på innbyggjarane og gode serviceholdningar
- er god til å handtere store arbeidsmengder
- er positiv til endring og utvikling
Vi tilbyr
- Meiningsfylte arbeidsoppgåver knytt til eit viktig samfunnsoppdrag
- Fagleg spanande jobb
- Trening i arbeidstida
- Statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr. 483.700 til 524.900 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2 %).
Om arbeidsgiveren
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik
- Bransje
- Helse og omsorg,
- Konsulent og rådgivning,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Konsulent,
- Kontor og administrasjon / Kontorarbeid,
- Koordinering
Nøkkelord
arbeidsliv,, oppfølging,, brukeroppfølging
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Merethe Risnes Johansen
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Telefon
- 97 99 70 94
- Kontaktperson
- Eirik Verpelstad
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Telefon
- 94 45 24 58
Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik