Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Solgt
Sandsetdalen

Bud mottatt. 2.etasjes tømmerhytte m/utbyggingspotensial til salgs i Sandsetdalen ved porten til Hardangervidda

Kart med kartnålMyrbal Sandsetdalen 673, 3650 Tinn Austbygd
Prisantydning950 000 kr
Omkostninger
0 kr
Totalpris
950 000 kr
Fellesgjeld
0 kr
Verditakst
950 000 kr
Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Beliggenhet
På fjellet
Boligtype
Hytte
Eieform
Eier (Selveier)
Primærrom
74 m²
Bruksareal
78 m²
Renovert år
2016
Tomteareal
1 087 m² (eiet)
Bruttoareal
87 m²
Byggeår
1955
Soverom
2
Meter over havet
880

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Bilvei frem
Garasje/P-plass
Peis/Ildsted
Utsikt
Fiskemulighet
Innlagt strøm
Turterreng

Visning

Visning etter avtale

Om eiendommen

Bygningen er eit gamalt tømmerhus som tidlegare har stått i Tinn Austbygd. Huset har vore nytta til næringsverksemd, truleg som landhanddleri, bakeri, postkontor m.m.
På slutten av 1950 -talet vart bygningen «rulla ned» og flytta til Myrbal der den står i dag.
Tomta har tidlegare vore del av ein større parsell, men vart oppmålt og frådelt hausten 2019.
Ut over at det har blitt lagt inn el. -straum, er det ikkje gjennomført større endringar på huset utover vanleg vedlikehald gjennom tida. I 2014, 2015 og 2016 vart det imidlertid gjennomført betydlege påkostningar utvendig.
2014 - Fasadeendring med utskifting av 2 nye vindauger på austveggen og eitt på nordveggen i 1. etg. m.m.; Kr. 61.186,-
2015 - Komplett nytt utv. tak (sementstein) m/ renner og beslag m.m.; Kr. 139.501,-
2016 – Renovering av pipe over tak m/ nytt pipebeslag; Kr. 45.529,-
Totale påkostningar i seinare år; Kr. 246.216,-
Alle arbeidene er utført av solid lokal byggmester med godt omdømme.
Veg til naboeigedommen, gnr. 45, bnr. 27, går over tomta.
Hytta har enkel standard, men huset har «sjel» og står på ei flott tomt med lett adkomst nær Tessungåe og med potensiale for oppgradering av standard.

Adkomst

Frå offentleg veg er det ca. 6,5 km. privat bomveg med grusdekke gjennom
Sandsetdalen. Vegen vart opprusta for nokre år sidan og er i dag godt
vedlikehalden og i god stand forøvrig. Vegen vert vinterbrøytt.
Frå Sandsetdalvegen til tomta er det ein enkel grusveg på ca. 80 meter.
Adkomstvegen er felles med to naboeigedommar og vegen går delvis over
denne tomta til den eine naboen. «Adkomstvegen» vert ikkje vinterbrøytt. Det
er gode parkeringsmoglegheitar på tomta med plass til fleire bilar sommarstid.
Bomvegen er org. i Sandsetdalen veglag. Det vert bet. ca. kr. 2000,- ( 2021 )
pr. år i vegavgift for Myrbal som skal dekke vedlikehald og brøyting.
Myrbal ligg fint og usjenert til ca. 880 m.o.h. i eit flott og solrikt område nær Tessungåe i Sandsetdalen i Tinn kommune. Tessungåe er forøvrig eit varig verna vassdrag. Eigedommen ligg i flatt terreng med lett adkomst. Sandsetdalen er ein gamal seterdal med spreidd
hyttebebyggelse og er ein av dei mange innfallsportane til Hardangervidda. Dalbotnen er flat med relativt bratte liar på sud- og nordsida opp mot snaufjellet / Hardangervidda. Området er definert som LNF – område - ( landbruk-, natur og friluftsområder ). Eigedommen ligg nær snaufjelellet og det er svært gode turmoglegheitar rett utanfor
hyttedøra både sommar og vinter. Beliggenheiten og nærleiken til Hardangervidda gjev også gode moglegheitar for jakt og fiske. Det er for øvrig småaure i Tessungåe som ligg kun 8 – 10 meter frå hytteveggen. Ca. 10 km til nærmaste daglegvarebutikk og bensinstasjon. Ca. 55 km. til Rjukan som næraste by, ca. 3 timars køyring til Oslo samt kort veg til andre sentrale delar av austlandet. Ca. 60 - 65 km. til Gaustaområdet som har svært
godt utbygde alpin- og skianlegg. Det er elles ca. 25 km til næraste bygdesenter som er Tinn Austbygd. Om sommaren er vegen over Imingfjell open. Då er det også kort veg over fjellet til Numedal og Geilo / Hallingdal

Standard

Byggeår er ukjent, men ant. opprinneleg bygd midt på 1800 -talet i Austbygde og flytta til
Myrbal siste halvdel av 50 -talet. Oppført i to etasjar over ringmur. Hovuddelen av
bygningen er fundamentert med ringmur av betong, tilbygg mot sud og nord er fundam. med holdsteinar av naturstein.. Veggane i hovuddelen er oppført i lafta tømmer kledd utv. med ståande tømmermannskledning - bortsett frå ein mindre del av sudveggen som fortsatt har synleg tømmervegg. Tilbygg mot nord er oppført i bindingsverk kledd utv. m/ tømmermannskledning. Tilbygg mot sud, som inneheld utedo og vedskjul, har kun
eit enkelt bindingsverk kledd med «låvekledning».
Plassbygd takkonstruksjon m/ bærande åsar av tømmer, trepanel på åsar, ant. plast, sperrer, ant. 10 – 15 cm. isolasjon, taktro, papp, sløyfer, lekter og tekt med sementstein. Nytt tak i 2015. Wc og skjul har kun eit enkelt pulttak med sperrer, enkel taktro og tekt med gamle stålplater.
I golv 1. etg. og etasjeskiller er det trebjelkelag m/ stubbloft ant. isolert med sagflis.
Stort sett måla tregolv i både 1. og 2. etg. Det er i all hovudsak måla tømmerveggar innvendig i hovuddelen av huset, medan tilbygg mot nord (gang ) har måla faspanel. Wc og skjul er ikkje kledd innv. Tretrapp i gang mellom 1. og 2. etg.
Hovudsakeleg dobbelte ut- og innadslåande vindauger av eldre årgang, men det er 3 nye
vindauger i 1. etg., 2 mot aust og eitt mot nord. Enkel kjøkkeninnredning av eldre årgang i brukbar stand. Oppvarming med Jøtul 602 vedovn på kjøkken, open peis i stoge og ein vedovn i kvart rom i 2. etg.
El. -anlegget er av eldre årgang, men ser ut til å vera i grei stand. El. -skåp med skrusikringar.
Pipe er ny over tak, men bør ant. renoveras / foras innvendig for å tilfrdsstille dagens forskrifter. Bygningen har enkel standard med potensiale for oppgradering, men kan godt brukast slik den nå er. Ved spørsmål ta kontakt.

Salgsoppgaven beskriver vesentlig og lovpålagt informasjon om eiendommen

Se komplett salgsoppgave

Beliggenhet

kart

Profilinfo

Du må være logget inn for å se profilen

Annonseinformasjon

FINN-kode224904392
Sist endret20. aug. 2021 07:50

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.